NRK Meny
Normal

– Sjukehussaka vil henge igjen i lang, lang tid

Ordførar i Kristiansund Kjell Neergaard seier at sjukehussaka har skapt så djupe sår blant folk på Nordmøre at dei vonde kjenslene vil henge igjen blant folk over lang, lang tid. Først i midten av august får vi vite resultatet av ankesaka.

Kjell Neergaard

Kjell Neergaard meiner Kristiansund kommune har fått lagt fram saka si på ein god måte. Domen kjem i midten av august.

Foto: Terje Reite / NRK

Måndag ettermiddag kunne Frostating lagmannsrett stengje dørene og rydde den store Frostating-salen i Trondheim tinghus etter fire dagar med grundig gjennomgang av sjukehusrettssaka. Kristiansund kommune anka dommen frå tingretten, og kravde vedtaket om å plassere det nye, felles sjukehuset på Hjelset i Molde kjent ugyldig.

– Ikkje legitimitet

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, ser fram mot å få ei endeleg avgjerd på denne betente saka.

– Prosessen frå Astrid Eidsvik gjekk av og fram til helseministeren gjorde vedtaket sitt har vore ein prosess som ikkje har legitimitet i befolkninga. Så blant folk på Nordmøre vil dette henge igjen i lang, lang tid, seier Kjell Neergaard.

Blir mal for liknande saker

Helse Midt-Noreg sine representantar i rettssalen teikna eit heilt anna bilete av dei intense vekene i november og desember 2014 som førte til vedtaket om å legge sjukehuset til Hjelset.

Dei hevda at det har vore ein grundig og omfattande prosess, prega av svært mange og gode utgreiingar. Under regjeringsadvokaten sin gjennomgang kom det fram at måten prosessen vart ført på no skal danne skule for planlegging av andre sjukehus i Noreg.

– Eg er veldig overraska over at regjeringsadvokaten seier at prosessen i denne saka no skal danne mal for liknande saker. Då seier eg berre lukke til på reisa, seier Kjell Neergaard.

– Godt belyst

Regjeringsadvokat Erik Bratterud var advokat for Helse Midt-Noreg også då saka gjekk for Inntrøndelag tingrett for litt over eit år sidan. Han var godt nøgd med måten saka utvikla seg på i rettssalen.

Erik Bratterud

Erik Bratterud hos regjeringsadvokaten representerte Helse Midt-Noreg i saka både i tingretten og i lagmannsretten.

Foto: Terje Reite / NRK

– Eg tykkjer at saka no er godt belyst. Retten har fått eit godt grunnlag til å kunne ta stilling til punkta som Kristiansund kommune har lagt inn i anken sin, sa Bratterud.

Du åtvarar om at det berre blir ei utsetjing av saka om Kristiansund vinn fram i retten?

– Det blir kanskje litt spekulasjonar. Men vi veit at helseministeren må gjere beslutninga si på nytt. Og han har forklart seg i retten om korleis det vil gå, seier Bratterud.

Helseministeren forklarte i retten at han ikkje har sett noko argument som skulle føre til at han ville gå vekk frå Hjelset og støtte Storbakken.

– Slik vi ønska

Også ordførar i Kristiansund var nøgd med måten Kristiansund fekk presentert saka på i lagmannsretten. Denne gongen la Kristiansund kommune vekt på det dei meinte var bruk av feil faktagrunnlag, mangelfull utgreiing, uforsvarleg sakshandsaming og ulovleg eigarstyring.

– Vi har fått fram saka slik vi ønska. No blir det opp til retten å vurdere det vi har lagt fram opp mot argumenta til regjeringsadvokaten, seier Kjell Neergaard til NRK.

Dom i saka er venta i midten av august. For Kristiansund, og for dei andre partane i saka, ventar det nok hektiske dagar, veker, månader og år også etter at lagmannsretten har kome med domen sin.

– Dersom Kristiansund vinn fram må saka sendast tilbake til Helse Midt-Noreg. Så får dei i oppdrag å lage ein prosess som er gyldig. Men det spørst litt på kva dommen kjem til å seie, kva det er retten meiner er for dårleg greia ut og kva som elles er feil, seier Neergaard.

– Du fryktar ikkje, som regjeringsadvokaten, at saka berre blir sendt ut til ei utsetjing om de vinn fram?

– Det kan hende at rundene i retten fører til at det blir litt utsetjing av saka. Men no er ikkje utbygginga av sjukehuset vedteke enno. Og det spørst kor mykje arbeid som må gjerast for å få eit gyldig vedtak. For oss er det viktig at vi får eit vedtak som har legitimitet. Det har vi ikkje i dag, seier Neergaard.

– Kva gjer de om de taper? Blir det fullt fokus på å få eit så godt distriktsmedisinsk senter som råd då?

– Vi har fokus på eit eventuelt distriktsmedisinsk senter i dag også. Vi må ha både to og tre tankar i hovudet samtidig. Men vi har ikkje kome så langt at vi har fått tenkt på kva vi skal gjere om vi taper. Det må vi eventuelt gjere i etterkant, seier Neergaard til NRK.