I dag er Sara og Dennis to livlege barn som leikar seg i snøen. Men det var slett ikkje sjølvsagt at dei skulle overleve den alt for tidlege fødselen.
Anja Rønnestad er opprørt over at St.Olavs hospital vil flytte neontalavdelinga til Trondheim.
Foto: Arild Pettersen / NRK– Eg er ikkje så sikker på om eg hadde hatt nokon barn om det ikkje var for avdelinga for for tidleg fødde i Ålesund, seier mor Anja Rønnestad til NRK.
- Les også:
Det var på neonatalavdelinga ved sjukehuset i Ålesund dei to fekk hjelp. Sian den gong er det bygd heilt ny barneavdeling i Ålesund. Forholda ved barneavdelinga i Ålesund skal vere blant dei aller beste i landet. Bygget blei innvigd i sommar.
– Evig takknemleg
Dei to barna var berre 770 og 920 gram då dei blei fødde. Dei måtte bu på neonatalavdelinga ved sjukehuset i Ålesund den første levetida si.
Både storebror, Sara og Dennis har fått hjelp på neonatalavdelinga i Ålesund.
Foto: Arild Pettersen / NRK– Vi er evig takknemlege for det arbeidet dei gjorde på sjukehuset. Eg trur ikkje det hadde gått så bra om vi hadde hamna i Trondheim. Der hadde eg site åleine, eg måtte bære alt tankekøyret sjølv og all uroa, utan å ha mannen min å lene meg på, seier Rønnestad.
- Les også:
- Les også:
– Blei avvist i 2007
St.Olavs hospital ønskjer å ta hand om alle som er fødde før 28. svangerskapsveke i Helseregion Midt-Noreg. Dermed kan det gå mot omkamp for neonatalavdelinga i Ålesund, som har vore nedleggingstrua fleire gonger.
Avdelingssjef Ove Økland seier det ikkje er faglege eller økonomiske grunnar til å flytte avdelinga til Trondheim.
Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK– Dette var gjennom ei grundig behandling som enda med eit styrevedtak i 2007. Og der vart konklusjonen at det ikkje var faglege eller økonomiske årsakar til å sentralisere avdelinga til Trondheim, seier avdelingssjef Ove Økland i Ålesund.
- Les også:
- Les også:
– Trudde vi var ferdige med dette
Partiet Høgre vil no ha helseministeren på banen, for å hindre at avdelinga for for tidlegfødde barn kan bli flytta frå Ålesund til Trondheim. Stortingsrepresentant Elisabeth Nørve er opprørt over det som kan skje.
Stortingsrepresentant Elisabeth Nørve (H) tek saka opp i Stortinget.
Foto: Rune Hansen / NRK– Eg reagerer ganske kraftig. Eg trudde dette var ei sak som vi var ferdige med. Denne saka skulle ha vore rydda av vegen ein gong for alle. Stortinget har sagt kva dei meiner om saka. Avdelinga skal bestå i Ålesund. Dei har god fagleg kompetanse på området. Det er ei av dei beste avdelingane i landet. Dei er faktisk betre enn St.Olavs. Det er ingen ting som skulle tilseie at avdelinga skulle flyttast til Trøndelag, seier Nørve.
- Les også:
Den nye barneavdelinga ved Ålesund sjukehus blei innvigd i juni 2011. Neonatalavdelinga ligg i denne splitter nye sjukehusbygninga,
Foto: Hans Olav Landsverk / NRK– Skjerp dykk
Mor til tvillingane Sara og Dennis, Anja Rønnestad, er sterkt kritisk til forslaget om å flytte avdelinga til Trondheim.
– Kva ville du seie til dei som har kome med dette forslaget?
– Skjerp dykk. Det går ikkje an. No har Ålesund fått ei ny sjukehusavdeling, med tilrettelegging for for tidleg fødde. Dei kan ikkje rive ned og flytte dette. Vi kjem aldri til å gløyme legen som hadde ansvaret for Dennis og Sara. Vi kjem heller aldri til å gløyme innsatsen neonatalavdelinga gjorde for barna våre og for oss, seier Anja Rønnestad.
– For tidleg å vite resultatet
NRK veit at St.Olavs hospital har sett i gang eit arbeid for å samle neonatal-tilbodet i Trondheim. Saka kan kome opp i løpet av 2012, i den såkalla eigarstrategisaka.
Men fagdirektør i Helse Midt-Norge, Nils Eriksson, meiner det er altfor tidleg å seie om det blir lagt opp til ei sentralisering.
– Eg vil ikkje uttale meg i kva retning den eine er betre enn den andre. Det er ikkje det som er avgjerande for denne saka.
– Kva er det som er avgjerande?
– Det er litt uklare meiningar mellom fagfolk om det beste er å samle dei minste nyfødde på ein stad for å få meir trening i å behandle dei.