Hopp til innhold

– Sjølvsagt for lang sesong

Dersom Aalesund kvalifiserer seg til Eliteserien blir det bestemt så seint som 9. desember, det vil seie andre søndag i advent. Då går den siste kampen i den lange kvalifiseringa. – Vi får ta den utfordringa dersom den kjem. Vi får ikkje gjort noko med det. Men sjølvsagt burde sesongen ha vore avslutta lenge før den tid, seier AaFK-kaptein Fredrik Carlsen til NRK. AaFK skal først møte Nest-Sotra heime 25. november. Vinn dei denne kampen ventar heimekamp mot anten Sogndal og Ull/Kisa fire dagar seinare. Vinnaren her møter lag 14 i Eliteserien over to kampar 5. (eventuelt 6.) og 9. desember. – Vi tek ein kamp om gongen. Vi har slite mot Nest-Sotra begge kampane i år. Og vi veit at ein kvalik lever sitt eige liv, seier Carlsen.

fredrik carlsen
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix