NRK Meny
Normal

– Sjølvmord må ikkje vere så tabubelagt

Ragnhild Opskar har opplevd det verste som kan skje. Då sonen hennar tok sitt eige liv var det ho som fann han. No arbeider ho for meir openheit kring sjølvmord.

Ragnhild Opskar er fylkesleiar i organisasjonen Leve i Møre og Romsdal.

Det er no 14 år sidan ho miste sonen sin. Dette er noko ho ber med seg gjennom livet. Det har forandra henne, på både godt og vondt, seier ho.

– Det er ikkje slik at eg sørgjer kvar dag. Eg har eit godt liv. Men det ligg der heile tida. Dette skulle ikkje ha skjedd, seier ho.

Terapi å hjelpe andre

No er ho med i organisasjonen «Leve», ein organisasjon for pårørande etter sjølvmord. Laurdag er den internasjonale dagen for sjølvmordsførebygging. For Ragnhild Opskar har det vore svært viktig å engasjere seg.

– Det er ei form for terapi å kunne hjelpe andre, seier ho.

Ragnhild Opskar er ikkje i tvil om at det må bli lettare å snakke om sjølvmord. Større openheit er grunnleggjande for å få ned sjølvmordstala.

– Vi må snakke om det, og vi må bry oss. Vi må også sjå kvarandre. Dette er også temaet for verdsdagen i år. Sjølvmord må ikkje vere tabubelagt. Ein klandrar ofte seg sjølv når nokon som står ein nær tek sitt eige liv. I slike tilfelle er det godt å ha nokon å snakke med.

Store krav

Ragnhild Opskar karakteriserer sjølvmord som eit stort samfunnsproblem. Difor må heile samfunnet engasjere seg.

– Auken i sjølvmordstala har med dei store krava som samfunnet stiller å gjere. Fleire fell utanfor når krava blir så store. Ofte kjem dette som lyn frå klar himmel, gjerne frå folk som blir sett på som vellukka. Mange har store krav til seg sjølv for korleis dei skal oppfylle det dei trur samfunnet krev av dei.