Limproblem
Det er snakk om livredningsdrakter av typen PS5002 som er selde i perioden 1994-1998. Det er selt omlag 1000 drakter i Noreg i denne perioden. Akselsen seier dei ikkje veit årsaka til limproblema.
Set i verk tiltak
I byrjinga av januar blei Viking Life-Saving Equipment Norge informert av servicestasjonen i Fosnavåg i Herøy om at det var limfeil på endå fleire drakter. Viking informerte Sjøfartsdirektoratet om problema i slutten av januar.
Administrerande direktør i Viking, Bjørn Tormod Akselsen, skal kontakte service-stasjonane sine for å gi kundane informasjon om korleis dei kan inspisere draktene.