– Situasjonen er svært alvorleg

Politiet i Nordmøre og Romsdal slit med dårleg økonomi. No fryktar dei at det vil gå ut over etterforskinga av saker.

Arnstein Nilssen PK Rauma Mannen

Arnstein Nilssen politimeister i Nordmøre og Romsdal politidistrikt fortel at den økonomiske situasjonen i politiet er svært vanskeleg.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Det var Romsdals Budstikke som først omtalte saka.

Arnstein Nilssen politimeister i Nordmøre og Romsdal politidistrikt fortel at den økonomiske situasjonen i politiet er svært vanskeleg.

– Eg har vore i politiet lenge, men eg har aldri opplevd ein så pressa økonomi som vi har akkurat no, seier Nilssen til NRK.

Underskot på fleire millionar

Nordmøre og Romsdal politidistrikt sitt igjen med eit underskot på fleire millionar etter at dei måtte kjøpe seg nye patruljebilar i fjor.

– Dei nye bilane var ei nødvendigheit. Bilparken vår var i elendig stand og måtte bli rusta opp. Det var rett og slett nødvendig, seier Nilssen.

Regjeringa har tidlegare varsla om store kutt i politiet. I løpet av 2015 må politiet i heile landet kuttet 105 millionar kroner. Ein tredjedel av kutta er rein overtid. Det har fått mindre politidistrikt til å frykte for framtida.

– Vi får tildelt midlar, men det meste av midla går til store sentrale prosjekt. Dei frie midla som vi skal ha til drift ser vi ikkje så mykje av, seier Nilssen.

Han meiner at situasjonen no er svært alvorleg.

– Vi må stramme inn på reiser, overtid og halde stillingar ledig, seier Nilssen.

Kan gå utover etterforskinga

Politimeisteren fryktar at den dårlege økonomien kan gå utover etterforskinga.

– Vi prøvar å unngå det, men det er ikkje til å sjå bort frå at vi må vurdere kva vi skal etterforske og ikkje, seier Nilssen.

– Saker som gjeld liv og helse, vald og utukt er område som vi prioriterer framfor andre ting, held han fram.

Nilssen meiner at situasjonen er like fleire stadar i landet, og at det må tilførast nye friske middel.

– Midla til den daglege drifta manglar, det meste av budsjettet går til husleige og lønn til dei tilsette, seier han.

Fryktar for framtida til lensmannskontora

Jenny Klinge som representerer Senterpartiet i Stortingets justiskomite, fryktar at den pressa økonomien kan føre til auka sentralisering i politiet.

Jenny Klinge

Jenny Klinge som representerer Senterpartiet i Stortingets justiskomite, fryktar at den pressa økonomien kan føre til auka sentralisering i politiet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Når politireforma skal gjennomførast kan konsekvensane bli færre lensmannskontor, trur Klinge.

– Sentraliseringspresset er stort nok frå før av, og forsøka på å legge ned lensmannskontor kjem til å vere der, seier ho.

Klinge fortel at Sp ønskjer å behalde nærpolitiet og meiner det er viktig å sikre dei lokale lensmannskontora.

– Då må vi sørge for at politiet får god nok økonomi til å gjennomføre prosessen med politireforma på ein god måte, seier ho.