Hopp til innhold

– Situasjonen er langt verre enn i fjor

Talet på arbeidsledige og personar som går på arbeidstiltak er det høgaste på ti år. Det viser nye tal frå NAV.

Stein Atle Veland

NAV-direktør, Stein Veland, fortel at arbeidsløysa i Møre og Romsdal er på det høgaste nivået på ti år. Men det er framleis gode moglegheiter for dei som vil omstille seg, meiner han.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det er no 4 325 personar som er heilt utan arbeid her i fylket. I tillegg går 954 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak.

– Dette viser tydeleg at vi har ein verre situasjon i arbeidsmarknaden i dag enn vi hadde for eitt år sidan. Det er det høgaste talet vi har hatt på ti år, seier NAV-direktør i Møre og Romsdal, Stein Veland.

Flest arbeidsledige menn

Oversikta viser også at arbeidsløysa er dobbel så høg blant menn som kvinner. Ifølgje Veland skuldast det i stor grad nedgangen i oljenæringa.

Volstad Maritime

Arbeidsløysa er størst i den maritime bransjen og næringane knytt til oljebransjen.

Foto: Volstad Maritime

– Det har med kva slags bransjar som no har mange utan arbeid. Vi har framleis ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, slik at det er dei næringane med flest menn som er mest utsett no, seier han.

Veland fortel at det har skjedd eit skifte i arbeidsmarknaden her i Møre og Romsdal. Frå å vere eit fylke som tidlegare hadde låg arbeidsløyse og stor etterspurnad etter arbeidskraft, er no Møre og Romsdal blant dei fylka som no har høgst arbeidsløyse.

– Det er blant anna eit resultat av at vi no har store utfordringar i den maritime bransjen og næringane knytt til offshore. Talet på arbeidsledige har auka jamt og trutt det siste året, seier NAV-direktøren.

Viktig å tenke nytt

Veland meiner det er viktig å tenke nytt og utanfor boksa i desse utfordrande tidene.

– Det er mange næringar som framleis går godt og vi har eit yrande arbeidsliv innanfor andre sektorar som treng arbeidskraft. Her er det mogleg for mange å omstille seg, tenke nytt og vurdere alternative karrierar, seier han.

NAV-direktøren meiner det framleis er gode moglegheiter for å kome seg tilbake i arbeid, spesielt for dei som er villige til å reise litt lengre.

– Ein må kanskje sjå utanfor heimkommunane eller heimfylket. Både i Sogn og Fjordane, Oppland og til dels Sør-Trøndelag er det låg arbeidsløyse. Ein kan fort finne gode løysingar med vekependling eller turnusarbeid, som gjer at ein slepp å pendle, seier Veland.