Hopp til innhold

– Set pengar framfor liv og helse

Vanylven har to ambulansar. Men det kan fort bli til éin. Ambulanse Midt-Norge skal avgjere dette komande torsdag. Ordføraren i kommunen reagerer med vantru.

Ambulanse

Illustrasjonsbilete: Vanylven står i fare for å miste ein av to ambulansar. Det vart ikkje godt motteke av kommunen.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Styret i Ambulanse Midt-Norge skal ta stilling til om dei vil fjerne den eine ambulansen for å spare pengar. Ambulanse Midt-Norge prøver å finne ei løysing for å spare heile 25 millionar kroner i år.

Det var avisa Synste Møre som først omtala saka, og varaordføraren vart då gjort kjend med saka gjennom dei berre dagar før saka vert avgjort. Forslaget vil innebere at det blir berre ein bil på vakt heile døgnet og at andre kommunar må dekke behovet når den er oppteken med transport.

– Set økonomi framfor liv

Jan Helgøy

Ordførar i Vanylven kommune, Jan Helgøy (KrF).

Foto: Trond Vestre / NRK
Anders Riise

Ordførar i Hareid, Anders Riise.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Dette vil redusere beredskapen i Vanylven. Slik ordninga no er, har dei to bilar på dagtid, og ein på kveld/natt.

Måndag vart saka også teken opp av politikarar og helseleiing i formannskapet og dei reagerte både med vantru og sterk kritikk, ifølgje ordførar i Vanylven kommune, Jan Helgøy (KrF). Han fortel at stemninga var meir enn amper på møtet.

– Ein opplever det som provoserande at forslaget brått ligg på bordet, utan at kommunen har vore kontakta. Når økonomi vert sett framfor liv og helse må vi reagere, seier ordførar Jan Helgøy.

Skeptisk til å kutte

Ordføraren seier at Ambulanse Midt-Norge køyrer eit løp som han er skeptisk til.

– Det er heilt uakseptabelt og uansvarleg at dei vel å prioritere pengar framfor liv og helse. Vi har krevjande geografi som gjer at beredskapen vår allereie er sårbar, seier Helgøy.

Helgøy meiner at Ambulanse Midt-Norge fråskriv seg ansvar. Ordføraren reagerer også på at kommunen ikkje vart varsla om saka.

– Vi forventar at dei som driv innan helse er veldig ansvarlege og at dei prioriterer å varsle dei det gjeld. Men i denne situasjonen verkar det ikkje som om dei tenkte på konsekvensar, seier Helgøy.

Sjokkert over forslaget

Ordførar Anders Riise (H) i Hareid er sjokkert over forslaget til sparepakke som administrasjonen i Ambulanse Midt-Norge har lagt fram, og meiner det kjem til å koste liv, dersom tiltaka blir vedtatt.

– Det er sjokkerande at dei kjem med slike forslag som kan øydeleggje beredskapen og tilbodet til innbyggjarane i distriktskommunane i Møre og Romsdal, seier Riise.

Han meiner at dette er ei rasering av tilbodet, og at eit slikt forslag vil koste liv.

– Her vil liv gå tapt viss det vert gjennomført, seier ordføraren.

Vanylven er 385 kvadratkilometer, omtrent like stort som Sande, Herøy, Ulstein og Hareid til saman. Sparetiltaket er rekna til vel 1,6 millionar kroner på årsbasis.