Hopp til innhold

– Serien SKAM gav meg mot til å stå fram

For nøyaktig eitt år sidan, 21. desember 2016 klokka 21.21, fortalde pressemannen Rune Sæbønes (53) offentleg at han er homofil. Året som har gått har vore ei omvelting. No førebur han Pride-parade i nærmiljøet.

Rune Sæbjønes

I dag er Rune Sæbønes i full gang med å førebu Pride-arrangementet i Ørsta og Volda. Det gjekk fleire tiår før han kunne fortelje ope om legninga si.

Foto: Remi Sagen / NRK

Rune Sæbønes er ein av presseveteranane på Nordvestlandet. Han byrja som journalist i lokalavisa Møre-Nytt i 1986 og blei redaktør i den same avisa i 2008. I sommar gjekk han av som redaktør, og er no journalist igjen i Møre-Nytt.

Det var serien SKAM på NRK som fekk den 53 år gamle pressemannen til å stå fram som homofil. Og på denne desemberdagen publiserte han eit innlegg på Facebook som skulle føre til store omveltingar for han. Han tok eit oppgjer med det han kalla ei livsløgn.

– Kunne ikkje leve i løynd

Presseveteranen fekk over tusen tilbakemeldingar på denne Facebook-posten. Og i kommentarfeltet handla det mest om respekt og lukkønskingar.

– Serien SKAM var tankevekkjande og påverka meg slik at eg måtte ta eit oppgjer med meg sjølv. Eg kunne ikkje leve i løynd lenger, fortel Sæbønes til NRK.

Sæbønes fekk ein overveldande respons. Og responsen var utelukkande positiv.

Eg var først livredd. Men etter kvart skjønte eg at eg hadde treft ein nerve. Det var kanskje fleire som var i same situasjon som meg. Det vart eigentleg ganske sterkt.

– Ei anna tid

Det var på åttitalet at Sæbønes skjønte at han var homofil. Heilt fram til for nøyaktig eitt år sidan let han vere å fortelje om legninga si. Han stengde det inne. Og det var SKAM-serien i 2016 som fekk han til å sjå annleis på situasjonen sin.

– Reaksjonane på sesong 3 av SKAM viste at vi har kome til ei anna tid enn slik det var då eg var 18–19 år. Og reaksjonane i løpet av det siste året viser at eg har gått rundt med ei ugrunna frykt.

Pride

I Ørsta og Volda har det i vinter vore ein debatt kring planane om å arrangere Pride-parade til våren. Pastor i kyrkjelyden Nytt Livs Senter, Hans Reite, reagerte sterkt på at det skulle kome eit slikt arrangement i området. Han meinte arrangementet ville kaste forbanning over bygdene.

– Eg er tjukkhuda og toler det. Men eg veit det gjekk sterkt inn på andre. Dei opplevde dette som tungt og hatefullt. Men det absurde var at ingen spurte oss som sto bak arrangementet om kva vi meinte. Vi ønskjer å bruke kreftene på å få til eit fantastisk arrangement for Ørsta og Volda. Det meste er på plass og det ser svært bra ut.

– Har det kome noko godt ut av denne debatten?

– Det vart ein vekkjar. Folk reagerte sterkt. Vi fekk ein enorm respons. Det kan bli langt fleire folk i paraden enn det er motstandarar.

Og slik vart Facebook-posten dagen etter, altså den 22. desember 2016. Det han grudde seg til vart ikkje så gale som han frykta. Tvert om.