Pressetalsmannen for politiet i Idzehoe seier til NRK sin reporter på staden at dei laurdag fekk melding frå ein mann som meiner han såg Hilde Feddern-Welle i Flensburg på påskeaftan, altså to dagar etter at ho forsvann. Ut frå det held politiet moglegheita open for at 32-åringen kan vere på veg til Noreg, eller i alle fall prøvd å reise til Noreg.
Utan pengar og pass
Etter det mannen til Hilde Feddern-Welle fortel, gjekk han og la seg onsdag kveld i påskeveka, medan kona sat oppe og såg på fjernsyn. Då han vakna om morgonen skjærtorsdag, oppdaga han at ho var borte. Både pengar og pass var igjen i huset. Men det ser ikkje politiet som noko problem for teorien om at kvinna har prøvd å kome seg til Noreg.
– Truverdig vitne
Hilde Feddern-Welle kan ha hatt pengar på andre måtar enn gjennom lommeboka si, og det er godt mogleg å reise til Noreg utan pass, meiner tysk politi. Dei vurderer vitnet som meiner å ha sett Feddern-Welle som truverdig. Mannen melde seg for politiet etter å ha sett presseoppslag om forsvinninga.
Undersøker huset
Hilde Feddern Welle har budd i i Tyskland saman med ektemannen Werner i fem år (Foto: privat)
Trass i dette sporet blir leiteaksjonen trappa opp i ettermiddag. Hundar skal mellom anna søke gjennom huset der Hilde Feddern-Welle og ektemannen Werner bur, bilen hennar og hagen kring huset. I morgon vil politiet utvide søket til skogsområda rundt huset som er populært turterreng.
Hilde Feddern-Welle er frå Sykkylven, men har budd i Nord-Tyskland i fem år. Det var den tyske ektemannen hennar, Werner Feddern, som melde ho sakna. Den 32 år år gamle kvinna blei sist sett i heimen sin kvelden før skjærtorsdag.