Hopp til innhold

– Saka er ikkje avslutta

Innstillinga frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen styrker Nordmøre sitt syn i sjukehussaka, det meiner Ingunn Golmen (Sp).

Sykehusgruppa på Nordmøre vurderer veien videre etter Kontroll- og konstitusjonskomiteens innstilling.

SJÅ TV-SAKA: Sjukehusgruppa på Nordmøre vurderar vegen vidare etter Kontroll- og konstitusjonskomiteen si innstilling. Foto/redigering: Eirik Haukenes.

– Eg meiner at innstillinga til Kontroll- og konstitusjonskomiteen viser at det som skjedde i slutten av sjukehuskampen var kritikkverdig, seier Golmen som er leier i Ordførar og rådmannskollegiet på Nordmøre, Orkidé.

Tysdag kveld var Stortingets kontroll- og konstitusjonskomiteen ferdig å behandle helseminister Bent Høie si handtering av sjukehusstriden i Møre og Romsdal.

Fleirtalet kritiserte helseministeren, men ingen av partia hadde mistillit til Høie. Det han fekk mest kritikk for var å blande seg inn då administrerande direktør Trond Michael Andersen vart oppsagt.

Eit mindretal på fem frå Ap, Sp og Sv retta også kritikk mot helseministeren si handtering av sjukehussaka.

Les hele rapporten frå Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite her.

Har ikkje tillit til saka

Det er altså ingen ro i sjukehussaka etter innstillinga frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen kom tysdag.

Golmen meiner at kritikken som no er reist frå komiteen viser at sluttfasen i den treårige prosessen knytt til sjukehussaka ikkje vart handtert på ein god nok måte.

– Difor har vi ingen tillit til at tomtevalet vart fatta på eitt fritt og uavhengig grunnlag, seier ho.

Golmen meiner det no er opp til Helse Midt-Noreg og Helse Møre og Romsdal å bygge opp igjen den tilliten ho meiner dei har mista i prosessen med sjukehussaka.

Mogleg rettssak

Bystyrerepresentant Dagfinn Ripnes fortel at Kristiansund Høgre vil foreslå å gå til rettssak i sjukehussaka.

Dagfinn Ripnes

Dagfinn Ripnes (H) seier at dei vil gå til rettssak i sjukehussaka.

Foto: Anne-Mari Flatset / nrk

– Vi i Høgre er krystallklare på at vi vil gå til rettssak for å få gjort om på vedtaket i sjukehussaka, seier han.

Ifølgje han får dei også støtte av Kristiansund Frp i denne saka. Det er enno uklart om saka hamnar i retten, men Ripnes seier at dei har ein klar agenda om å få stoppa saka.

– Det vil gå fleire år til dei fyrste spadetaka blir tatt, så vi har framleis tid til å påverke saka, seier han.

Ordførar og rådmannskollegiet på Nordmøre skal fredag møtast for å diskutere sjukehussaka, og kjem då med ein uttale om kva dei vil gjere vidare i saka.

– Spørsmålet om rettssak vil bli vurdert utanfor Orkidé og kvar kommune skal avgjere kva dei vil gjere vidare i saka, seier Golmen.

Det er Kristiansund kommune som må gå til sak dersom det blir ein rettssak. Etter det NRK er kjent med blir det jobba for å få ei bystyreavstemming om saka allereie før Stortinget skal behandle kontroll- og konstitusjonskomiteen si innstilling den 26. mai.