NRK Meny
Normal

– Såg meir til Siv Jensen enn til kona

Etter 20 år på Stortinget forlet Harald Nesvik landets viktigaste politiske arena.

Harald Tom Nesvik

I 20 år har bygningane her vore Harald Nesvik sin arbeidsplass.

Foto: Terje Reite / NRK

Men det å skulle bli stortingsrepresentant var ein tøff skule, fortel den etter kvart svært så røynde politikaren.

– Det var ei svært bratt læringskurve. Berre det å komme til dette huset og vite at må eg vere i fire år, uansett om eg trivdes eller ikkje. Så var det mange spørsmål, ikkje minst rundt kva saker eg skulle jobbe med?

Møtte ein mentor

John Alvheim

John Alvheim, som døydde i 2005, var som ein politisk mentor for Nesvik.

Foto: Scanpix

– Eg møtte eit fantastisk menneske, som på mange måtar er den politikaren som har betydd mest for meg. Som person, og samtidig den som lærte meg alt eg kan om helsepolitikk. Det var John Alvheim.

Sjefen var likevel Carl I. Hagen. På den tid Nesvik kom på tinget var Hagen både hand og hanske og meire til i Frp. Han visste å gi dei nye, også Nesvik, viktige oppgåver frå dag ein.

– Carl var ein fantastisk sjef den gongen. han visste korleis han skulle fjerne redselen for desse nye representantane. Beskjeden var at alle nye skulle rett på landets viktigaste talarstol ved første og beste høve, som var Trontaledebatten.

carl i hagen på talerstolen frps landsmøte 2013

Carl I. Hagen var den som sørga for at nye representantar raskt fekk sin elddåp.

Foto: Petter Olden

Helsepolitikar

Om Nesvik pusta letta ut etter sitt første fem minutts innlegg, tok det ikkje lang tid før han blei husvarm. Og fekk og tok ansvar. Som sin mentor Alvheim var det helsepolitikk som skulle bli hans hjartesak. Men det er fleire som brenn for helse, så det nyttar ikkje berre å snakke mykje og høgt.

– I denne salen blir du tatt så det susar, dersom du tar ein spansk ein. Her må du kunne faget ditt, både i komiteen, i innstillinga du skal skrive, forslag eller endring til lovtekster som kan endre livet til einskildpersonar rundt om i landet.

Så nokon stor tabbekvote har ikkje representantane, heller ikkje Nesvik.

– Eg har vore her i 20 år, og sjølvsagt har eg gjort feil. Feil i debattar eller liknande, men ikkje dei heilt store, trur eg.

Frp i regjering

Det har vore ei lang reise, både for Framstegspartiet og Harald Nesvik. Han fekk markert seg som opposisjonspolitikar, men dei siste fire åra har Frp for første gong vore i regjering.

Og når Frp og Høgre skulle danne regjering var det ikkje unaturleg at Nesvik blei kopla opp til ein statsrådspost. Men i staden har han fått mykje makt gjennom sin posisjon som parlamentarisk leiar.

– Det har vore ei utruleg reise. Å få vere med og iverksette den politikken vi har jobba for i 40 år. Men å vere parlamentarisk leiar er litt ekstrem sport.

Siv Jensen presenterer statsbudsjettet

Partileiar Siv Jensen skulle ikkje berre velgje gode statsrådar for fire år sidan, det måtte og vere ein sterk parlamentarisk leiar tilbake på Stortinget.

Foto: NRK

Den parlamentariske leiaren er den som skal løyse floker, inngå avtalar, den alle tar kontakt med, den som må vere mellomledd mellom Storting og regjering. Det har vore arbeids- og tidkrevande.

Fylkesmann

Det blir heller ingen kvileheim når han no forlet Stortinget. På nyåret i 2019 ventar nye oppgåver, då som Fylkesmann i Møre og Romsdal. Så langt har dei fire åra som parlamentarisk leiar vore eit høgdepunkt, sjølv om privatlivet fekk lide.

– Det har vore til dels lange periodar der eg har sett meir til Siv Jensen og Erna Solberg enn eg såg til kona.