Dannar næringsforum
Bjørneset meiner ingen bør la seg overraske over at Sunnmøre kjem dårleg ut i analysen over næringsaktiviten siste åra som NHO nyleg la fram.
Dag Bjørneset har i mange år følgt næringslivet på Sunnmøre på nært hald.
Dag Bjørneset
No er han saman med Ålesunds Handelsforening i ferd med å danne det nye forumet for næringsaktørar på heile Sunnmøre.
Skal styrke regionen
Eit så omfattande forum fins ikkje frå før. Målet er mellom anna at ein saman skal klare å styrke regionen og gjere den til eit endå meir attraktivt område for både næringslivsetableringar og utvikling.