NRK Meny
Normal

– Russen er dei mest høflege og sjarmerande eg har sett

Kjetil Aarseth hjelpte til på eit russearrangement i Ørsta fredag og kan ikkje noko anna enn å skryte av dei. Han meiner mange vaksne slett ikkje oppfører seg så bra som russen på fest.

Kjetil Aarseth

Kjetil Aarseth har vore på mange arrangement gjennom jobben dei to siste åra, men ikkje oppfører seg like fint som russen gjorde i Ørsta fredag.

Foto: privat

Fredag var det arrangement for rundt 500 russar i Ørsta, der Kjetil Aarseth hjelpte til, som dagleg leiar i Tikkio. Gjennom jobben sin, der dei sel billettar og marknadsfører store arrangement, har han sett mykje rart når folk festar. Dei siste to åra har han vore med på over 70 arrangement. Han kan ikkje noko anna enn å rose oppførselen til russen.

– Russen var dei mest sjarmerande, høflege og minst rusa publikumet av alle eg har sett, seier Aarseth. Han har delt tankane sine om russen i sosiale medier og har fått god respons.

Han synest russen har fått mykje kjeft i media, og meiner at det er feil å skjere alle over ein kam, sjølv om russen enkelte stader har gått langt over streken.

– Det er mykje fokus på at russen er verre en nokon gong, men det sa dei sikkert i 1992 då eg var russ også. Eg trur det stemte betre då, seier Aarseth.

Russ frå Volda

Her er jentene som har russebil saman med Jenny Nilsen Heltne. I dag skal fleire av russen på konsert, og målet er å oppføre seg like fint som fredag.

Foto: privat

Vaksne kan vere verre

Under fredagens arrangement vart det ikkje registrert ein einaste slåsskamp eller bråk av noko slag. Aarseth meiner at vaksne som deltar på festar og konsertar, til tider oppfører seg dårleg.

– Det er nokon som bør gå litt i seg sjølv. Eg veit ikkje om det har med trening å gjere, men enkelte går ut såpass sjeldan at dei tek i for kraftig og det går over styr, seier Aarseth.

LES OGSÅ:

Glad for ros

Russepresident Jenny Heltne Nilsen, frå Volda vidaregåande skule, er glad for dei fine orda frå Aarset.

Jenny Heltne Nilsen

Jenny Heltne Nilsen er russepresident og synest det er kjekt å få skryt.

Foto: privat

– Det var veldig kjekt å få høyre at ein som er så erfaren frå arrangement, seier noko slikt. Det er koseleg å få skryt, seier Nilsen. Ho føler ikkje at russen i Volda og Ørsta har fått mykje kjeft, men ser at russen generelt får kritikk.

– Eg skjøner det godt. Nokon har tatt feiringa altfor langt, seier Nilsen.

I kveld er det konsert med Vassendgutane i Ørsta. Dit skal mange russ og også mange vaksne. Nilsen håper at russen oppfører seg like bra som dei gjorde i fredag.

– Vi skal prøve å vere høflege og sjarmerande, ler Nilsen.