– Det har vore stor hastigheit i fjellpartiet, og det er eit dynamisk og aktivt område. Fjellet kan få nye sprekkar og vatnet kan gå nye vegar. Når hastigheita er så stor som den har vore, så kan det plutseleg skje endringar og rørsle også utan nedbør, seier han.
- Les også:
Meldt lite nedbør
Søndag formiddag kunne Blikra presentere dei nyaste målingane frå det rasfarlege partiet ved Mannen i Rauma.
Hastigheita i det rasutsette partiet har hatt ei maksimal fart på 16 centimeter i døgnet i løpet av natta.
– Det er den høgaste hastigheita vi har hatt sidan vi starta målingane i september i fjor, sa Blikra på ein pressekonferanse klokka 10.00 søndag.
Den store auken skuldast meir nedbør enn venta melder NVE, og i løpet av det siste døgnet har det vore heile 33 millimeter nedbør i området ved Mannen.
– Det har regna kraftig dei siste dagane, men no ser det ut til at det blir ei nedbørspause som varar heilt til neste helg, seier statsmeteorolog Frode Hassel ved Vêrvarslinga på Vestlandet.
Søndag og den komande veka er det stort sett meldt om lettskya opphaldsvêr.
– Det kan sjå ut som det kjem ei ny nedbørsmengde neste søndag, men ikkje noko særleg før den tid, seier Hassel.
- Les også:
Is i fjellet kan påverke rørslene
Farenivået har sidan fredag vore raudt, noko som betyr ekstrem fare for ras. Blikra seier det ikkje blir aktuelt å endre farenivået med det første, til trass for at det er meldt mindre nedbør i den komande veka.
– Området reagerer kraftig på nedbør, så det er ingen grunn til å tru at det ikkje skal gjere det igjen når vi får ei ny nedbørsperiode, men dette kan også endre seg utan nedbør, seier Blikra.
Rørslene har vore størst i den øvre delen av fjellpartiet, og denne delen av fjellet er no svekka. Ifølgje Blikra er det no ein stor sjanse for at den øvre delen kan rase ut, utan at resten av partiet går.
Is i fjellpartiet kan også vere med på å påverke utviklinga ved Mannen. Så langt er det uklart om det framleis er is i fjellpartiet som er med på å feste fjellet, og om det er att is som vil smelte meir utover hausten.
– I så fall vil det vere større sjansar for meir bevegelse i den nedre delen av fjellpartiet dess lenger ut i året vi kjem, trur Blikra.
- Les også:
Tærer på dei evakuerte
Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad, seier at situasjonen tærer på dei evakuerte.
– Dei evakuerte har fått melding frå oss i dag og er informert om rørslene i natt. Vi vil kalle dei inn til møte enten i dag eller i morgon. Det er klart at denne konstante uvissa tærer på dei, seier han.