Hopp til innhold

– Romsdalen blir den gløymde vegen

Lastebileigarforbundet i fylket er oppgitt over at det ikkje har vore fokus på E 136 gjennom Romsdal i valkampen.

E 136 i Møre og Romsdal

Europaveg 136 er ei av hovudfartsårene inn til Møre og Romsdal

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen, NRK.

Vallogo

Dagleg leiar i Lastebileigarforbundet i Møre og Romsdal, Dagrunn Krakeli, meiner politikarane er for passive når det gjeld Europaveg 136.

Kritisk

Berre Høgre, FrP og KrF nemner vegen gjennom Romsdalen i partiprogrammet sitt.

Dagrunn Krakeli.

Dagrunn Krakeli etterlyser mir innsats frå politikarane for å betre Europaveg 136.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

– Sjølv om vi har møtt alle fylkestingsgrupper frå alle parti, er det faktisk berre tre parti som skriv noko konkret om situasjonen i partiprogrammet sitt.

Dagrunn Krakeli seier ho er oppteken av å ansvarleggjere politikarane og meiner dei burde ha prioritert vegen for lengst.

– Kva skal til for at vi får gjort noko med situasjonen? spør ho.

Mykje tungtrafikk

Europaveg 136 fra Dombås til Ålesund er ein av hovudfartsårene inn til Møre og Romsdal, der det er mykje tungtrafikk.

Lastebileigarforbundet er uroa over at lite blir gjort med vegen, og fryktar at det vil gå ut over rekrutteringa til yrket.

– Kva skal vi seie til unge folk som skal ha Romsdalen som arbeidsplass? Det er heilt umogleg.

Krakeli peikar på at fylkestingspolitikarane prioriterer andre vegstrekningar.

– Vi føler at Romsdalen held på å bli den gløymde vegen.

Avviser kritikken

Leiar i samferdselsutvalet, Oddbjørn Vatne frå Senterpartiet, avviser at europavegen gjennom Romsdalen er gløymd, slik Lastebileigarforbundet hevdar.

– Fylkestinget har prioritert E136 og vil ha framskunda ei utbetring, seier Vatne.

Han hadde også denne strekninga som hovudpunkt i eit møte med styringsgruppe som førebur Nasjonal Transportplan nyleg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL