Normal

– Rindalingar må sjølve velje fylke

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) vil ikkje kjempe mot at Rindal skal forlate Møre og Romsdal til fordel for Trøndelag.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) skal ikkje stå i vegen for at Rindal går mot Trøndelag.

Foto: Gunnar Sandvik / nrk

Innbyggjarane i nordmørskommunen ønskjer å verte ein del av Trøndelag fordi dei føler dei ikkje har felles kampsaker med Møre og Romsdal.

– Dersom det er slik at folket i Rindal er einige i dette, så vert det feil å seie at dette skal vi arbeide sterkt imot, svarer fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap).

Skal ikkje stikke kjeppa i hjula

Det var onsdag ettermiddag det vart klart at eit samrøystes kommunestyre i Rindal hadde vedteke å søkje om å verte overflytta til Trøndelag.

Første gong Rindal forsøkte å flytte denne grensa, var allereie i 1923.

– Rindalingane må sjølve avgjere kva fylke dei vil høyre til, seier Aasen.

Føler seg ikkje som møringar

I Rindal bryr dei seg ikkje like mykje om ferjefri E39, rasproblematikk, eller Stad Skipstunnel.

Ola T. Heggem

Ordførar i Rindal, Ola T. Heggem (Sp) seier at mange i Rindal ikkje føler seg som møringar.

Foto: Torbjørn Tandberg

– Eg har heile tida følt at det eg har kjempa og slåst for på vegne av Møre og Romsdal i liten grad gjeld innbyggjarane i Rindal, seier ordførar i Rindal Ola T. Heggem (Sp), som har arbeidd som fylkes- og stortingspolitikar.

Rindalingane er dei einaste møringane utan kystlinje. Innlandsfolk som bor i kommunen føler seg mest i slekt med trøndarane, seie Heggem, sjølv om meiningane er delte.

Surnadal neste?

Dersom Rindal går til Trøndelag kan det skape ein ny situasjon for nabokommunen Surnadal. Då må nemleg Surnadal vurdere om også dei skal sjå nordover, seier ordførar Lilly Gunn Nyheim (Ap) til NRK.

Partikollega Jon Aasen vil helst behalde både Rindal og Surnadal i Møre og Romsdal fylke, og i alle fall Surnadal.

– Rindal har vel kanskje følt seg plassert i feil fylke, men det er ikkje situasjonen i Surnadal. Eg synest surnadalingane høyrer heime i vårt fylke.

– Det viser at lokaldemokratiet fungerer

Rindal sin søknad om å verte trønderar går til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Assisterande Fylkesmann i Møre og Romsdal, Rigmor Brøste, seier det er bra dei har bestemt seg for kva dei vil.

Rigmor Brøste

Assisterande Fylkesmann Rigmor Brøste seier det ikkje er nokon garanti for at Rindal vert ein del av Trøndelag.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi har ikkje noko grunnlag for å stoppe dei. Det viser berre at lokaldemokratiet fungerer.

– Alle kommunar er frå sentralt hald oppmoda om å vurdere kva som er best for seg sjølv i framtida og det har rindalingane teke på alvor. Dei har funne ut at sin identitet er meir i retning Trøndelag.

Rindal har ikkje nådd fram tidlegare og det er heller ikkje gitt at kommunen får ja til å verte ein del av Trøndelag no heller, for kommune-Noreg står framfor store endingar framover.

– Vi er midt i ein kommunereform og departementet vert neppe særleg glade for å få ein slik søknad på sitt bord no. Dei vil nok ikkje behandle ein slik søknad isolert sett, seier Brøste.