NRK Meny
Normal

Kripos inn i etterforskinga

Kripos blir trekt inn i jakta på ein valdtektsmann i Sula kommune. Politiet ber også om tips for å finne den som utsette ei eldre kvinne i Sula for grovt overgrep for to veker sidan.

Dør til hus med politiforsegling

ALVORLEG: Elin Drønnen fortel at politiet ser svært alvorleg på saka.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Vi er sikre på at det er snakk om ei valdtekt, fortel politiinspektør i Sunnmøre politidistrikt, Elin Drønnen.

Sunnmøre politidistrikt er no sikre på at det dei står overfor er ei valdtektssak, etter at ei eldre kvinne i Sula kommune vart utsett for vald og overgrep i heimen sin ein gong mellom 19.30 onsdag 15. juli og 08.30 torsdag 16. juli. Drønnen fortel at politiet ser alvorleg på saka.

– Politiet ser veldig alvorleg på saka, den har høgaste prioritet hjå oss og vi har henta inn bistand frå Kripos i saka. Vi har gjort både tekniske og taktiske undersøkingar og henta inn tekniske spor. Foreløpig har vi ikkje fått svar på DNA-prøvene vi har sendt inn i saka, men vi håpar å få svar i løpet av veka.

Ber om tips

Politiet ønsker tips frå publikum i den aktuelle tidsperioden mellom kvelden den 15. juli og morgonen den 16. juli, i tillegg til perioden før det aktuelle tidsrommet. Drønnen fortel at dei vil ha opplysningar om bevegelsar i området rundt Fiskarstrand og Mauseidvåg.

– Vi ber dei som har tips til oss om å ta kontakt på telefonnummeret 02800. Vi ønsker observasjonar av bilar, personar og andre ting som kan vere aktuelt i saka. I tillegg vil vi ha opplysningar om bevegelsar på strekninga frå Mauseidvåg til Fiskarstrand, turstien langs Raudåvatnet og fylkesveg 657.

Laster kart, vennligst vent...

TIPS: Sunnmøre politidistrikt vil gjerne ha tips i det dei no er rimeleg sikre på dreier seg om ei valdtekt i Sula kommune.