NRK Meny

– Rekordår for reiselivet i Møre og Romsdal

Reiselivet i fylket beskriv året som har gått som det beste så langt.

Turist ved fossevandring i Geiranger

Det har vore eit svært bra år for reiselivet i Møre og Romsdal.

Foto: Lena Høyberg / NRK

2017 nærmar seg med stormskritt og vi har snart lagt bak oss enno eit år. Eit år som har vore spesielt godt for reiselivet i Møre og Romsdal, skal vi tru turistnæringa.

– Det har vore eit veldig godt og spennande år som kjem på toppen av mange gode år. Det har vore det beste året så langt, seier reiselivssjef for Ålesund og Sunnmøre, Geir Steinar Vik.

Spreiar seg utover

Vik trekker spesielt fram Geiranger og Ålesund som to av reisemåla som trekker til seg mange reisande.

Geir Steinar Vik

Reiselivssjef for Ålesund og Sunnmøre, Geir Steinar Vik, seier turistnæringa har hatt eit av dei beste åra så langt.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det som er veldig kjekt er å sjå at områda rundt også har hatt ei fantastisk fin utvikling. Det gjeld mellom anna Valldal, Hjørungfjorden, Hakkalagarden og ikkje minst vinnaren av reiselivsprisen i Møre og Romsdal i 2016, Atlanterhavsparken.

Også på Nordmøre og i Romsdal har dei merka den same trenden.

– Vi ser at det spreiar seg litt utover. Eg kan mellom anna nemne Innerdalen i Sunndal som har hatt ein rekordsommar i år, Åndalsnes og Smøla, seier Torunn Dyrkorn, fungerande destinasjonssjef for Nordmøre og Romsdal.

Dei har merka at turistane ikkje berre kjem for å sjå og oppleve naturen.

– Vi ser også at det er ein del aktivitetsbedrifter som merker større etterspurnad. Elsykkelturar i Smøla er blant tilboda som har blitt svært populære, seier Dyrkorn.

Satsar på norske turistar

Stadig fleire nordmenn ferierer i heimlandet, og reiselivet i fylket jobbar no for å satse på denne målgruppa.

Markedssjef i Visit Nordvest Torunn Dyrkorn.

Torunn Dyrkorn er fungerande destinasjonssjef for Nordmøre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi reiselivsdestinasjonane her i fylket samarbeider godt med kvarandre og fylkeskommunen, og bruker dei største midla på å nå den norske marknaden, seier Vik.

Dyrkorn seier dei skal jobbe for å spreie trafikken meir i det komande året.

– Det byrjar å bli ganske fullt på sommartid no, og vi ønskjer å fokusere enno meir på heile året, vår, haust og vinter. Det er målet vårt framover, seier ho.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.