Inga Sølvi Korsvik Melby fryktar at gassanlegget på Aukra kan vere eit terrormål.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKEksplosjonane på gassrøra i Austersjøen har gjort bygdefolket på Aukra bekymra. Frå øya på Romsdalskysten går gass i enorme rør til England.
– Eg trur kanskje folk tenkjer litt ekstra på dette no. Kan det vere slik at russarane kjem hit, seier Inga Sølvi Korsvik Melby.
Ho synest det som har skjedd er skummelt.
Også pensjonist Anne Tømmervåg er opptatt av sabotasjen på gassrøra.
– Etter det som skjedde no, har vi byrja å tenke. Bur vi på ei bombe? seier Tømmervåg. Ho understrekar at ho ikkje har panikk, men hendinga i Østersjøen er snakkisen i bygda no.
Anlegget på Nyhamna i Aukra sender gass til England.
Foto: Roar Strøm / NRKBesøk av russiske oligarkar
Ormen Lange-anlegget ligg på kysten av Møre og Romsdal, eit område som har hatt hyppige besøk av russiske yachtar dei siste åra. I seks år segla den russiske yachten Elden fram og tilbake over røyra til anlegget på Nyhamna.
NRK kunne i mai i år legge fram dokumentasjon på at eit av desse skipa kryssa fram og attende like i nærleiken av gassanlegget.
Slik kryssa yachten Elden og følgjebåten Severnaya Ten fleire gonger sakte forbi det store gassanlegget på Nyhamna.
Grafikk: Vesselfinder.comSkjerpar tryggleiken
Nyhamna forsyner Storbritannia med 20 prosent av all gassen dei treng. Gassen kjem frå Ormen Lange-feltet og Aasta Hansteen-feltet.
Randi I. Viksund er kommunikasjonsdirektør i Gassco.
Foto: Pressebilde / GasscoDet er selskapet Gassco som er operatør på rørledninga. No skjerpar dei tryggleiken.
– Tryggleiksnivået har vore auka sidan mars som følgje av Ukraina-krisa. I lys av hendingane på Nord Stream-røyrleidningane har vi skjerpa tiltaka ytterlegare eit hakk, seier kommunikasjonsdirektør Randi I. Viksund i ein e-post til NRK.
Shell driv landanlegget på Nyhamna. Også der er tiltaka skjerpa.
– Vi gjer dette i lys av det som har skjedd dei siste dagane. Vi følgjer nøye med på kva som skjer. Det gjer vi og det gjer mange andre operatørar også, seier Kitty Eide, kommunikasjonssjef i Shell. Torsdag morgon står det politi utanfor portane.
Vil ikkje skremme folk
Ordførar i Hammerfest, Terje Wikstrøm, er førebels ikkje bekymra for sabotasje på gassanlegget rett utanfor byen.
Foto: Eirik Sørenmo Påsche / NRKOgså på gassanlegget på Melkøya utanfor Hammerfest er det frykt for sabotasje. Ordførar i Hammerfest, Terje Wikstrøm, vil nødig skremme opp dei 10.000 innbyggjarane.
– Bekymringa bør i så fall komme visst etterretninga seier at det er eit reelt mål. Så langt er det ingenting som tyder på det, seier Wikstrøm.
Han seier at folk skal vere trygge på at kommunen har beredskapsplanar for sabotasje og terror.
Treng ikkje engste seg
Odd Jørgen Nilssen er ordførar i Aukra. Han forstår at folk er bekymra.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKOrdførar i Aukra, Odd Jørgen Nilssen (H) forstår at bygdefolket er bekymra, men han seier at kommunen vel å halde seg nøkterne.
– Vi ser ingen grunn til å blåse opp dette og engste seg enno, seier Nilssen. Kommunen er i nær dialog med Nyhamna.
Arnstein Eikrem er ein av dei næraste naboane til i til gassanlegget på Aukra. Han sit på ein plentraktor og har aldri tenkt at det kan vere fare for terror før no.
– Eg tenkjer på kva som kan skje og om dei kan finne på noko her. Vi har eit stort gassanlegg like ved oss. Visst det skjer ein eksplosjon i området er det ganske alvorleg, seier han.
Arnstein Eikrem er næraste nabo til gassbehandlingsanlegget på Nyhamna i Aukra.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKSlik fungerer distribusjonen av gass i rørledninger mellom Noreg og utlandet.