Ras- og flodbølgetrusselen frå fjellet Åkneset i Stranda gjer det uakseptabelt å legge ned akuttkirurgien, meiner styret i Åknes Tafjord Beredskapssenter, ÅTB.
– Ein kan ikkje ha ein akuttfunksjon eller ein beredskapsfunksjon mot eit sjukehus som ikkje er tilgjengeleg for oss, i verste fall i både vekes- og månadsvis, seier styreleiar Frank Sve.
- Les også:
Ferjene blir innstilte
Rasfaren gjer det uaktuelt å redusere akuttilbodet i Volda, meiner styreleiar Frank Sve i ÅTB.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKHan viser til at når fjellet Åkneset byrjar å røre så mykje på seg at kan bli aktuelt med evakuering, så blir også alle ferjesamband i Storfjord-systemet stengt på ubestemt tid. Det gjer sjukehuset i Ålesund utilgjengeleg for mange, meiner Sve.
– Ein kan ikkje basere seg på ambulansehelikopter for så mange det her kan bli snakk om.
Har gløymt beredskapen
Sve meiner at den som finn på å redusere akuttilbodet i Volda har gløymt det store beredskapsbehovet i samband med eit ras frå Åkneset.
I tillegg til å vere styreleiar i ÅTB er Sve også ein av dei fremste lokal- og fylkespolitikarane for Framstegspartiet i Møre og Romsdal.
Helseminister Bent Høie skal bli mint om beredskapen, seier Frank Sve.
Foto: Trond Vestre / NRK– Ver trygg på at eg kjem til å engasjere meg overfor eiga regjering. Den og andre statlege styresmakter skal ikkje få lov å gløyme denne beredskapen.
Tar kontakt
Beredskapssenteret ber i dag kommunestyret i Stranda om å støtte eit brev til Helseministeren og Nasjonal beredskapsmyndighet med krav om at sjukehuset i Volda får behalde akuttkirurgien. Styret ønskjer også å møte helseministeren og den nasjonale kriseleiinga over nyttår for å drøfte saka.
– Håpet er at vi skal sleppe å ha det møtet, og at det blir slått fast at akuttfunksjonen i Volda skal bestå, seier Sve.