Statoil vil bygge eit gasskraftverk på Tjeldbergodden i Aure.
– Plass for alle
Joralf Flataukan
Avgjerda om å byggje på Kårstø skaper ikkje problem for planane på Tjeldbergodden, meiner Joralf Flataukan. Han meiner kraftunderskotet i Noreg er så stort at det er plass både for Kårstø og Tjeldbergodden og kanskje fleire som måtte søke. Importen av kraft frå utlandet har auka dei siste åra, og Flataukan trur auken vil halde fram.
Det er to av Naturkraft sine eigarar, Hydro og Statkraft, som no har bestemt seg for å byggje eit gasskraftverk på Kårstø. Den tredje eigaren, Statoil, har trekt seg ut av Kårstø-prosjektet.
– Får debatten på rett spor
Jon Aasen er glad for planane om gasskraftverk på Kårstø.
Fylkesordførar Jon Aasen meiner dette stadfestar at Statoil no vil konsentere seg om dei planlagde milliardinvesteringane på
Jon Aasen trur det no blir fart på gasskraft-planane på Tjeldbergodden.
Tjeldbergodden i Aure der bygginga av eit nytt gasskraftverk står heilt sentralt. Det er blitt ei fanesak for Jon Aasen.
Han meiner den avgjerda Naturkraft har tatt i dag er svært gledeleg. Det vil hjelpe debatten inn på rett spor, trur Aasen.