Hopp til innhold

– Positivt for vegutviklinga i fylket

Fredag blei det klart at regjeringa har gått inn for 40 år med ferjeavløysingsmidlar, med ein sum på 15 millionar per ferje. – Positivt for andre vegprosjekt, meiner leiar i samferdsleutvalet i fylket.

Oddbjørn Vatne

Leiar i samferdsleutvalet i fylket, Oddbjørn Vatne (Sp), er svært nøgd med at regjeringa har gått inn for 40 år med ferjeavløysingsmidlar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Tidlegare i dag kunne Frank Sve (Frp) fortelje at regjeringa har gått inn for 40 år med ferjeavløysingsmidlar, med ein sum på 15 millionar per ferje.

Leiar i samferdsleutvalet i fylket, Oddbjørn Vatne (Sp), er svært nøgd med at bygginga av Nordøyvegen i Haram og Sandøy no truleg er sikra.

– No byrjar alt å kome på plass. Ein kan truleg starte opp med arbeidet våren 2016, seier han.

Viktig for andre vegprosjekt

Med desse midlane på plass kan pengane som opphavleg ville ha blitt brukt til ferjedrift, no bli sett av til bygging av vegar, bruer og tunnelar som erstattar ferjene.

– Med desse midla kan vi no få i gang dette store vegprosjektet utan at det øydelegg fylkesøkonomien. Det er utruleg viktig for andre prosjekt som kjem etter Nordøyvegen, seier han.

Vatne er svært glad for at regjeringa no har gått inn for å vedta ferjeavløysingsmidlar, og meiner dette er ein stor dag for Møre og Romsdal.

– Denne ordninga er med på å legge til rette for fleire vegprosjekt her i fylket. seier han.

Fornøgd

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) var glad for å høyre nyheita om at regjeringa har gått inn for 40 år med ferjeavløysingsmidlar.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) var glad for å høyre nyheita om at regjeringa har gått inn for 40 år med ferjeavløysingsmidlar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Han har tidlegare gått ut og sagt at han ønsker minst 30 år med ferjeavløysingsmidlar på fylkesvegsamband.

– Det at vi no får det vi har ønska og bedd om lenge er svært gledeleg, seier han.

Aasen er likevel avventande i forhold til å seie noko om kor stor betydning desse midla vil få for vegsambanda i fylket.

– Positivt er det, men eg må nesten få tid til å sjå nærare på tala før eg kan uttale meg noko om det, seier han.