Hopp til innhold

– Positiv låneendring

– Endringane i lånevilkåra for helseføretaka vil slå svært positivt ut i Midt-Noreg, seier administrerande direktør i Stig Slørdahl.

Regjeringa går inn for å utvide nedbetalingstida på lån til helseføretaka frå 25 til 35 år. I tillegg får føretaka høve til å velje annuitetslån i staden for serielån.

– Det har skjedd mykje som gjer situasjonen for oss lysare. Vi var først ute til å få lån til eit stort IKT-prosjekt som Helseplattformen. No får vi også betydeleg økonomisk lette som følgje av ny låneordning, sa Slørdahl.

Stig Slørdahl
Foto: Øyvind Sandnes / NRK