Hopp til innhold

– Pass på kjellarar og slukar

Det kan bli kaos viss dei store snømengdene smeltar i mildver og regn i løpet av helga. Men dei brøyteansvarlege håpar på hjelp frå naturen.

Biler fulle av snø

Snøen skapte kaos, og meir kaos kan det bli når den smeltar.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Dei siste dagane har snøen hopa seg opp, både den som ligg der den kom, og den som har blitt lagt i dyngar og haugar. Og no skal den snøen vekk, både med handemakt og maskiner, og med temperaturstigning og regn.

– Arbeidet er godt i gang for å begrense skadane og ulempene, fortel driftsleiar Martin Hessen i Ålesund.

Fjernar snø

For i Ålesund har på langt nær all snøen blitt brøyta vekk dei siste dagane, men det arbeidet pågår no. På enkelte vegar har det blitt danna ein issåle, som no blir fresa vekk. På parkeringsplassar, fortau og sykkelvegar blir det også brøyta no, og viss nødvendig blir snøen køyrt vekk, fortel Hessen.

Ubrøyta fortau i Parkgata i Ålesund

Snørydding på fortaua i Ålesund har måtta vente til i dag.

Foto: Leiv-Erik Bondevik

Sjølv om alt av mannskap er ute, er det ikkje gitt at ein kjem over alt. Det kan bety, særleg i byane, at det kan bli vanskeleg å kome fram enkelte stader.

Hessen håpar på «sakte smelting», i den forstand at mildver og vind startar snøsmeltinga før regnveret startar. Og slik det ser ut no kjem det mindre mengder regn i kveld før det blir meir utover helga.

Då unngår ein at all snøen smeltar samtidig, og slukane kan ta unna smeltevatnet.

Huseigar har ansvar

Det føreset at slukane blir gravde fram og opna, og også det arbeidet har kommunen starta med.

Martin Hessen

Martin Hessen minner huseigarane på at dei må grave fram slukane.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Men Hessen viser til at særleg i sentrum er det mange slukar som huseigarane sjølve er ansvarlege for.

– Dei som har erfaring frå tidlegare flaumar og snøsmelting brukar å vere flinke til å grave fram slukane sine, fortel Hessen.

Det er også grunn til å minne huseigarar om at dei sjølve er ansvarlege for den snøen som er på hustaka, og som i tråd med dei fysiske lovene etter kvart kan føre til takras.

Også politiet går ut på Twitter og ber huseigarar om å sjekke taka sine for snø og is.

Laster Twitter-innhold

Stor skredfare

Og ras eller skred kan det bli fleire av i område som er utsette for det, og mellom anna er det sendt ut varsel om skredfare i Trollheimen.

– Men dette er i fjellet, og område der det bur folk skal ikkje vere i fare, seier kommunalsjef Inge Skogheim i Surnadal.

Heller ikkje i Sunndal er frykten for skred særleg stor. Og årsaka er at snøen ikkje har lagt seg i skavlar, og då forsvinn snøen på vanleg vis gjennom smelting.

– Dette er vi vane med

Sunndal, og også Tafjord i Valldal, blei spesielt nemnt i vervarslinga som område der temperaturauken blir kraftig over helga.

Eilif Lervik

Eilif Lervik i Sunndal meiner dei er budde på å takle eit veromslag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Dette er vi vane med, seier teknisk sjef Eilif Lervik i Sunndal. Våre vintrar er slik, med mykje snø og så kjem det brått mildver. Og sjølv om det då blir ein del snøsmelting så skal vi takle det.

Det grunngir Lervik med at snøen er laus, og ikkje tettpakka. Det gjer at smeltinga kan gå sin gang utan at det fører til noko dramatikk.

– Nokre tette vassvegar kan det bli, men vi har beredskapen klar som vanleg, seier Lervik. Han er litt tvilande til at temperaturendringane blir så store, men seier dei er budde dersom varselet skulle slå til.