NRK Meny
Normal

Heftige «Berit» gjorde lite skade

Uveret «Berit» har gjort overraskande få skader i Møre og Romsdal i natt. – Vi har ikkje fått inn meldingar om alvorlege hendingar på grunn av vêret, opplyser politiet.

– Vermessig har vi hatt veldig få meldingar. Det er faktisk berre to. Den eine var høg sjø i vegbanen ved Bolsøybrua utanfor Molde, og det andre var eit tre over E136 på Vågstranda i Rauma, opplyser operasjonsleiar Jan Inge Bugge i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Video Se floa i Kristiansund

Denne videoen viser floa i Kristiansund like før midnatt. FOTO: Roar Halten/NRK.

Ingen personskader

Også på Sunnmøre har det vore få meldingar til politiet om uver i natt.

– Der har vore nokre meldingar om tre over vegen, båtar som har hatt problem på grunn av store bølgjer og vind, litt juletrebelysning på avvegar og nokre takplater i lufta. Men vi har ikkje fått meldingar om personskader, seier operasjonsleiar Arnfinn Valderhaug til NRK.

Delar av kabelnettet i Kristiansund er utan signal på grunn av tore og lyn i går kveld. Fleire bustadfelt i Kristiansund er difor utan tv.

NEAS arbeider no med å fikse problemet, men dei er usikre på når det vil vere i orden igjen.

Ein del busstandar har òg fått tv-dekoderen sin øydelagt på grunn av uveret i går.

Les også:

Bli med på ein spektakulære tur rundt Runde under uveret:

Video Bli med rundt Runde

Det meste i rute

I går kveld og i natt skapte «Berit» problem for trafikken, spesielt på sjøen, men no er det meste i rute.

På fylkesveg 63 er Trollstigen stengt for trafikk, i tillegg til strekninga Geiranger - Langvatn.

Begge vart stengt i går på grunn av uveret, og vegtrafikksentralen melder om at Trollstigen ikkje vert opna i løpet av helga. Det er uvisst når Geiranger - Langvatn vil bli opna igjen.

NRKs reporter fekk kjenne «Berits» krefter på kroppen:

Video Storm på Alnes

Storm på Alnes

Les også:

– Det verste over

Og Meteorologisk institutt opplyser at det verste er over for Møre og Romsdal sin del i denne omgang.

– Allereie i morgontimane var det berre liten og eventuelt stiv kuling i kystområda, og dette minkar utover dagen. Det kjem kanskje igjen i kveld, men berre oppi liten kuling frå nordvest, opplyser statsmeteorolog Øyvind Johnsen.

Han opplyser at det også truleg vil bli normal vasstand i løpet av kvelden eller natta. Men Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut flaumvarsel for Vestlandet og Nordland. Varselet gjeld fram til måndag:

«Det ventes store nedbørmengder og raskt økende vannføring i bekker og mindre elver i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i perioden fredag til måndag.»