– Optimist

Leiar i prosjektstyret, Johan Arnt Vatnan, seier at han er optimist med tanke på å finne gode løysingar når arealet på SNR skal justerast ned.

– Eg er optimist. Skanska hadde fleire løysingar til optimalisering i den førre onbodsrunden som dei ikkje fekk realisert. Det opprinnelege prosjektet hadde også ei forholdsvis dyr fasadeløysing. Vi har no også høve til å ta i bruk nye, innovative, tekniske løysingar, sa Johan Arnt Vatnan.

Fleire av styrerepresentantane sa at dette var ein stor og viktig dag for det framtidige tilbodet til pasientane i Møre og Romsdal.

Johan Arnt Vatnan
Foto: Roar Strøm / NRK