Hopp til innhold

– Opplevingskort for fattige kan vere stigmatiserande

Opplevingskortet som er i bruk i nesten 70 kommunar i landet, får kritikk frå Telemarksforsking. Gjennom kortet får småbarnsfamiliar med dårleg råd dra gratis på badeland, leikeland eller kino.

Moldebadet

Gjennom opplevingskortet kan barn frå familiar med dårleg råd kome gratis inn på ulike aktivitetar.

Foto: Moldebadet

Det var i 2009 Ann-Kristin Bekkevoll som privatperson tok initiativet til ordninga i Ålesund. Fire år seinare vart opplevingskortet ei pilotordninga i Møre og Romsdal fylke. Etter kvart har fleire kommunar frå heile landet hengt seg på og i dag er det snart 70 kommunar som deltek eller er i startfasen.

– Vi ser uheldige verknader av ordninga. Foreldre er positive til kortet på vegne av barna sine, men føler at fattigdomen blir synleg, seier Heidi Hauklien frå Telemarksforsking. Dei har evaluert ordninga for Møre og Romsdal fylke.

LES OGSÅ:

Ubehageleg i kø

Heidi Hauklien

Heidi Hauklien i Teleforsking seier at deira kritikk går på handteringa av opplevingskortet.

Foto: Telemarksforskning / NRK

Fleirtalet av foreldra forskarane har snakka med føler det er meir eller mindre ubehageleg å bruke kortet. I intervju har dei ulike eksempel på situasjonar i billettluka, der dei tilsette på kinoen eller teateret kanskje ikkje kjenner til kortet. Dette fører til at familien må forklare situasjonen med lang kø bak seg. Ei mor uttaler at ho må forklare, argumentere og krangle for å kome inn saman med barna.

– Ein av foreldra kallar det for fattigdomskortet. Eg meiner ein bør gå nøyare gjennom kva som må til for at kortet ikkje skal vere stigmatiserande, seier Hauklien.

Forskingsinstitusjonen peikar også på administrative svakheiter, og manglande forankring i offentlege organ som medverkar i ordninga.

– Kommunane og NAV må sette av tid og ressursar til å administrere kortet. Elles blir det for tilfeldig kven som fylgjer opp ordninga, seier forskaren.

På dugnad

Johild Kosberg Bredin

Johild Kosberg Bredin meiner at staten bør vurdere vegen vidare for ordninga.

Foto: privat

Johild Kosberg Bredin, seksjonsleiar ved Møre og Romsdal fylke, ser at opplevingskortet krev ekstra ressursar på alle nivå som er involvert.

– Heile opplevingskortet har vore ein dugandsinnssats på alle nivå, der ingen har eigne stillingar knytt til ordninga. Dersom ein ikkje løyser det administrative tilfredsstillande, kan kortet bli ei meirbelastning for ei sårbar gruppe, seier Bredin.

Ho meiner at det er naturleg at staten som har vist interesse for ordninga, er med på å vurdere vegen vidare for kortet.

Vil ha med heile landet

Ann Kristin Bekkevoll

Ann Kristin Bekkevoll håper at opplevingskortet skal bli ei nasjonal ordning.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ann Kristin Bekkevoll som fekk ideen til opplevingskortet, forstår kritikken frå Telemarksforsking. Ho seier at kommunikasjonen ut mot dei som tilbyr opplevingane, må bli betre.

– Dei som skal gi frå seg billettane må vere budde på at barna kjem, seier Bekkevoll, som understrekar at mange kommunar har gode erfaringar med ordninga.

Ho er ofte i kontakt med unge og foreldre som ynskjer å søkje om å få eit opplevingskort, men må svare at det er avhengig av kva kommune dei bur i.

Bekkevoll håper at opplevingskortet skal bli eit nasjonalt tilbod og at styresmaktene løyver pengar og ressursar.