Hopp til innhold

– Opnar for bygdeaksjonar

Ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund fryktar arbeidet med kommunereforma kan bli forkludra dersom det blir lov å stryke kandidatar ved kommunevalet.

Eva Vinje Aurdal

Stryking av kandidatar er ikkje vegen å gå, meiner ordføraren i Ålesund.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

Regjeringspartia har foreslått å gjeninnføre ordninga der ein kan stryke kandidatar, og har truleg fleirtal for dette.

– Met det er ikkje utan grunn av stryking blei fjerna, seier Arbeidarparti-ordføraren i Ålesund.

Kan bli aksjonar

Ho viser til at det til tider blei det ho kallar «aksjonsdemokrati», der det blei aksjonar og motaksjonar for eller mot kandidatar.

Valglister 2015

Regjeringspartia foreslår at det skal bli lov å stryke kandidatar igjen.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK

– No når vi prøver å få til ein kommunereform, kan stryking verke øydeleggande. Det opnar meir for bygdelister, fryktar Aurdal.

Ålesund har saman med Skodje og Sandøy blitt einige om å danne ein ny felles kommune.

– Difor er eg betenkt over forslaget. Vi må bygge heilskap, og slik stryking vil neppe virke byggande, meiner ordføraren.