Hopp til innhold

– Økonomi skapar utfordringar

Fylkeskommunen sin økonomi vil gjere arbeidet med trafikktrygging meir utfordrande i åra som kjem, meiner leiaren i trafikktryggingsutvalet, Iver Nordseth frå Venstre (bildet). Sjølv om det ikkje er snakk om store summar kostar trafikktrygging pengar. Løysinga har vore eit spleiselag mellom kommunane og fylkeskommunen og samarbeidet har fungert godt. – No kan dette bli sett under press på grunn av dei økonomiske utfordringane, seier Nordseth. Men Harald Heierås i Trygg Trafikk meiner fylkeskommunen må vise ansvar dersom dei skal nå nasjonale mål om trafikktrygging.

Iver Nordseth
Foto: Synnøve Hole / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL