Hopp til innhold

– Nyt vêret, i morgon kjem regnet

Oppmuntringa frå vakthavande statsmeteorolog er klar: – Nyt vêret, i morgon kjem regnet.

Sol

NYT VÊRET: Kom deg ut og nyt sommarvêret. I morgon kjem regnet til Møre og Romsdal.

Foto: Thomas Bjørnflaten / Scanpix

– Ja i dag må ein verkeleg nyte vêret, for frå og med i morgon vil det kome regnbyer fleire stadar i fylket, seier Haldis Berge, vakthavande statsmeteorolog ved vêrvarslinga for Vestlandet.

Ho kan melde om enkelte regnbyer frå i morgon ettermiddag. Desse regnbyene vil halde fram tysdag.

– I dag og fyrste del av måndag vil det vere bra, eventuelt litt lokal tåke på kysten på starten av dagen i morgon, og så kjem regnet ut på ettermiddagen, seier Berge.

– Det kan også bere tore i byene, held ho fram.

Sjå YR si vêrmelding for Møre og Romsdal her.

Varme sommardagar

Den siste tida har vore prega av solskin frå blå himmel, høge temperaturar og varme sommardagar fleire stadar i fylket.

Statsmeteorolog Haldis Berge

NYT VÊRET: Haldis berge oppmuntrar alle til å nyte vêret søndag ettermiddag.

Foto: Marit Hommedal

Natt til laurdag femte juli blei årets fyrste tropenatt her i landet, og på tre stadar i Møre og Romsdal heldt gradestokken seg over 20 grader gjennom heile natta.

Førre natt til søndag opplevde vi den varmaste julinatta i Noreg sidan 1973. Då hadde Sunndalsøra på Nordmøre den høgaste minimumstemperaturen med sine 23,6 grader.

– Førre onsdag var Brusdalsvatnet i Ålesund nummer to på lista over stadane i landet med høgast temperatur.

– Gradestokken målte då 34 grader, noko som blei ny fylkesrekord opplyser vêrvarslinga for Vestlandet.

Gode nyheiter

Men sjølv om temperaturane kjem til å falle dei nærmaste dagane, har Berge likevel gode nyheiter til dei som skulle sakne sommarvêret.

– Temperaturane vil gå ned dei neste dagane, men så vil dei gå gradvis oppover frå og med onsdag- torsdag, seier ho.

– Det vil ta eitt par dagar før vi får dei same temperaturane som vi har no, men rundt neste helg er vi kanskje tilbake der vi var. Det er framleis litt usikkert å seie noko om temperaturane så langt fram i tid, held ho fram.

Det same utsiktene gjeld for vêret.

– Finvêret ser ut til å kome tilbake på torsdag. Det kan eventuelt bli ei gradvis betring utover onsdagen, seier Berge.

Her kan du sjå temperaturane frå fleire stadar i fylket målt klokka 08.00 i dag tidleg.

ver møre og romsdal
Foto: Skjermdump yr.no

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL