Eit lett duskregn la seg over folkehavet då Europas eldste jazzfestival opna med gateparade i Storgata i Molde måndag formiddag. Sjølv om festivalen rundar seksti år neste år, er festivalsjefen ikkje i tvil om at Molde Internasjonale jazzfestival framleis er eit fyrtårn blant norske musikkfestivalar.
– Vi klarer å halde posisjonen vår blant festivalane i Noreg. Det er fleire gode festivalar i Noreg. Vi gjer mykje av det andre gjer litt av. Når det gjeld produksjon av musikk er Moldejazz eit fyrtårn, seier Solli.
Siril Hauge Malmedal er ein av dei mange nye, norske jazz-talenta som opptrer under Molde-jazz. Dette er frå opningskonserten i Alexandraparken måndag.
Foto: Roar Strøm / NRK– Ny musikk og unike konsertar
Den femtiniande Molde presenterer fire bestillingsverk. På fleire av konsertane opptrer musikarane i heilt nye samarbeid. Det er premierar og det blir gjeve ut nye album under festivalen.
– Over halve programmet er ny musikk og unike konsertar, seier Solli.
Konserten med Melody Gardot er utseld. Og det er alt klart at konsertane med Gregory Porter og festkonserten for forfattar Edvard Hoem går for fulle hus.
– Vi er i flytsona. Billettsalet er godt. Det er stor interesse rundt både dei store og dei små arrangementa I fjor blei det seld 28.000 billettar. Og hamnar vi på det nivået er vi svært nøgde, seier festivalsjef Hans-Olav Solli.
Hans-Olav Solli er festivalsjef for Moldejazz.
Foto: Ann Eli Nøsen / NRKJazztoppar og publikumsvinnarar
No blir det 120 konsertar i løpet av seks dagar. Festivalleiinga meiner dei kan presentere dei største stjernene innan jazzen i dag. Gregory Porter, Melody Gardot og Macus Miller utgjer saman med festkonserten for Edvard Hoem det Moldejazz kallar «gullrekka» av konsertar i Bjørnsonhuset. Og det er venta stor tilstrøyming til utekonsertane med Highasakite, Dagny og Lil Halima fredag, Blood Sweat & Tears i Alexandraparken laurdag og Take 6 i Domkyrkja torsdag.
– Og vi har mange artistar som er på veg opp og fram. Og vi har ein sterk kvinneprofil. seier Solli.
Forfattaren Edvard Hoem under opninga av Moldejazz 2019.
Foto: Roar Strøm / NRKHeidrar Edvard Hoem
Moldejazz heidrar i år forfattaren Edvard Hoem. Han er fødd i nabokommunen til Molde, Fræna og budde i Molde frå han var 14 til han var 19 år. Gjennom heile forfattarskapen har han henta inspirasjon frå nettopp dette området.
Festkonserten «Klangen av Hoem» var blant dei første konsertane som blei utselde før årets festival. I dag retta han også merksemda mot dei nye generasjonane som elskar jazz som musikkform.
– No kjem dei unge. Enno er dei ikkje fullkomne eller ferdige. Men i sin fulle rett stormar dei inn på arenaen og spelar opp på liv og død, som om saxofonen, fiolinen og trompeten var oppfunnen for dei åleine, sa Hoem i opningstalen sin.