Hopp til innhold

– Nynorsk i medvind

Kulturvitaren Per Magnus Finnanger Sandsmark (28) tek over etter Ottar Grepstad som direktør ved Nynorsk kultursentrum. I dag brukar 600 000 nordmenn nynorsk, men Sandsmark vil ha med seg fleire. Han meiner nynorsken er i medvind. – Nynorsk er ikkje eit lite språk. Skal ein rekruttere fleire nynorskbrukarar, må nynorsk vere tilgjengeleg, seier Sandsmark. Sjå intervju med den nye direktøren i video under.

Per Magnus Finnanger Sandsmark tek over etter Ottar Grepstad som direktør i Nynorsk kultursentrum.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL