Hopp til innhold

– Nynorsk er noko vi berre bruker på skulen

Leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, oppmodar fleire unge i Kristiansund til å skrive på nynorsk. Ungdomane sjølv synest det er enklast å velje bokmål.

Kristiansund vidaregåande skule

Elevane ved Kristiansund vidaregåande likar best å skrive bokmål.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Kristiansundarar er kjende for å ikkje like nynorsk. Det påstår Magne Aasbrenn, som er leiar i Noregs Mållag. Men eigentleg snakkar folk der nesten nynorsk, seier han.

– Eg meiner at kristiansundarane må høyre meir på korleis dei snakkar og skriv på sosiale medium. Når eg ser korleis ungdomane skriv så bruker dei både «ikkje» og a-endingar. Eg synest at dei burde skrive mykje meir nynorsk, seier Aasbrenn.

Synest bokmål er enklare

Den særlege motstanden mot nynorsk i Kristiansund kan ha ei historisk forklaring frå klippfisktida då det var ei rik overklasse som gjerne var utlendingar og fattige arbeidarar frå landet.

Ved Kristiansund vidaregåande skule har elevane blanda kjensler knytt til å bruke nynorsk. For mange av dei er nynorsk nært knytt til skrivefeil og raude pennestrek.

– Det er veldig mange som går rundt og seier at dei hatar nynorsk og skulle ønskje det ikkje eksisterte, seier ei.

– Eg trur det har ein samanheng med at vi lærer å skrive bokmål som hovudmål frå første klasse og så må vi lære nynorsk på ungdomsskulen. Andre stadar i fylket startar dei med nynorsk tidlegare. For oss er nynorsk noko vi berre brukar på skulen, seier ein mannleg elev.

– Eg føler det er enklare å halde seg til reglane i bokmål, seier ein tredje elev.

Brukar nynorsk i kvardagen

Med ein slik motstand mot nynorsk håper norsklærar Merete Bratsberg Aae at hennar eigen kjærleik for nynorsk har noko å seie.

Merete Bratsberg Aae

Norsklærar Merete Bratsberg Aae er glad i nynorsk og brukar den også i kvardagen.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Eg tenker at dersom eg er glad i nynorsk, så er det eit betre utgangspunkt enn om eg er negativ til det. I tillegg bruker eg nynorsk som kvardagsspråk, når eg skriv på tavla, på Fronter og på Facebook, seier ho.

Bratsberg Aae vedgår at ho ikkje trur alle lærarar er like glad i nynorsk.

– Ein veit jo at det er slik, nokre seier det rett ut, men dei fleste er såpass proffe at det ikkje viser igjen i undervisninga, seier ho.

– Nynorsk er fridom

Uansett årsak er det ikkje til å skjule at det går eit skilje mellom austnorsk og vestnorsk i Møre og Romsdal, der Kristiansund høyrer til det austnorske og dei trøndske dialektene. Nynorsk har alltid vore sterkare på Vestlandet.

Tore Dyrnes, tidligere Tidens Krav-redaktør

Tore Dyrnes, tidlegare redaktør i Tidens Krav, trur årsaka til at bokmål står sterkare i Kristiansund er forholdet mellom by og land.

Foto: Roar Halten / NRK

Likevel er det mykje større nynorskmotstand i Kristiansund enn elles på Nordmøre. Tore Dyrnes, tidlegare redaktør i Tidens Krav, trur årsaka til at bokmål står sterkare i Kristiansund er forholdet mellom by og land.

– Kristiansund har alltid vore ei ihuga bokmålskommune. Men vi ser at nynorsken også har hatt ein tilbakegang elles på Nordmøre dei siste åra, seier han.

Leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, har eit tips til dei som vegrar seg for å skrive nynorsk.

– Ikkje ver så redd for feil. Eg trur mange får ein ryggmargsrefleks og ser raudpennen med ein gong dei skal skrive nynorsk. Men det er ikkje så farleg om du skriv feil, nynorsk er fridom, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL