Hopp til innhold

– Nullutslepp må gjelde alle hamner

– Kravet om null utslepp frå cruiseskip i verdsarvfjordane Geiranger og Nerøyfjorden frå 2026 vil bli ein del av valkampen til hausten, seier senterpartiordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda. Verdsarvkommunane Stranda og Aurland vil begge ha lokal- og fylkespolitikarar til å støtte kravet om at nullutslepp må gjelde alle hamner i Noreg, og ikkje berre verdsarvfjordane slik Stortinget har teke til lyd for.

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad
Foto: Frode Berg / NRK