NRK Meny
Normal

– Noreg er ein spesiell stad – og det skjer spesielle ting her

Det byrja med ein krabbekokar i naustet. No leverer paret på Gossa på Romsdalskysten kvalitetssalt til store deler av verda.

Salt Flaksalt fra Gossen

Her produserast flaksaltet frå sjøvatn på Gossen på Romsdalskysten.

Foto: Roar Strøm / NRK

Saltfabrikken på Gossa i Aukra er ein av svært få saltfabrikkar i Nord-Europa. No vil folk både i Noreg og utlandet ha det prisvinnande saltet Havsnø.

– Det er magisk. Å vinne ut salt frå sjøvatn kan samanliknast med prosessen for å framkalle eit fotografi. Ut frå ei rennande veske kjem det noko fantastisk, seier Michal Bietz Øverland.

Manuelt arbeid

Michal Bietz Øverland er opphavleg frå Portland i USA. Ho har utvikla saltet saman med den norske ektemannen sin Arve Øverland. Saltet vert hausta for hand frå sjøvatn som dei hentar på romsdalskysten.

Michal og Arve Øverland

Michal og Arve Øverland ved saltkara i fabrikken på Gossen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Inne på fabrikken står store tankar eller kar med sjøvatn i.

– Saltkrystallane dannar seg på overflata av saltlaken. Når flaka blir store og tunge nok sekk ned på botnen av kara, forklarar Arve Øverland.

Starta med ein krabbekokar

Det heile starta med ei gryte saltvatn på ein krabbekokar ved naustet. Etter mykje prøving og feilen greidde Michal å finne ut korleis saltet skulle kokast fram frå sjøvatnet.

– Det var verkeleg magisk å vere i stand til å ta sjøvatn og lage noko så vakkert ut av det, seier Michal.

Salt Gossen

Michal Øverland med skuffa full av salt.

Foto: Roar Strøm / NRK

No er krabbekokaren erstatta med hemmeleg utstyr. Salteventyret som starta i eit naust har blitt til ein fabrikk. Saltet har vunne fleire prisar, og no sist fekk dei spesialprisen til «Det norske måltid».

Det var ei stor oppleving. Vi var ikkje førebudde på dette, seier Arve Øverland.

Fleire tonn til Australia

No har saltfabrikken også inngått den første landsomfattande kontrakten med ein av dei store matvarekjedene i Noreg. Produksjonen går føre seg for fullt. Det trengst, for land som USA og Tyskland har alt oppdaga flaksaltet frå Gossa. Og for nokre veker sidan sende fabrikken ut den største ordren dei har hatt nokon gong.

– Vi pakka nyleg fem og eit halvt tonn til Australia. Då sto vi i fabrikken ei god stund, seier Arve Øverland fornøgd.

Salt Gossen

Her byrja det. I ein krabbekokar ved naustet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Løyndomen ligg i kvaliteten på det kalde vatnet på romsdalskysten. Og Michal hadde aldri drøymt at saltet skulle nå ut til så mange.

– Nei det hadde eg ikkje trudd. «Never in a million years». Men Noreg er ein heilt spesiell stad. Og her skjer det heilt spesielle ting, seier ho og smiler.