
Jan Kåre Aurdal (Foto: NRK)
Ordførar Jan Kåre Aurdal i Sykkylven seier det er viktig å bidra til at vi får god nok straumforsyning til Møre og Romsdal.
– Får lite igjen
Ordførar Sigmund Stene i Ørskog er samd i det, men synest dei får lite igjen for at linja skal gå rett gjennom kommunen.

Sigmund Stene (Foto: NRK)
Ei slik linje medfører visuell forureining og at store areal blir bandlagt, utan at kommunen får noko leige for det. Kommmunen får berre ei eingongsgodtjersle som eigentleg er ganske lita, seier Stene.
Planen er at linja står klar i 2012.