Hopp til innhold

– No blir det seriegull!

Regjerande seriemeister Molde har tre poengs forsprang etter 2-0-sigeren mot erkerival Rosenborg. Heimefansen jubla, bortefansen gjekk lutrygga heim.

Johannes og Freddy Hesvik

Freddy og Johannes Hessvik trur det blir to seriegull på rad for Molde. Her er dei rett etter kampslutt mot Rosenborg.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Andreas Nilsen

Andreas Nilsen tok 2-0-tapet med fatning.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Alt i alt var det fortent, og Molde har alt i sine hender no. Det er litt kjedeleg for meg som Rosenborg-supportar, men slik er det.

Andreas Nilsen var ikkje den som var blidast etter kampen på Molde stadion. Han tok likevel tapet med fatning.

– Eg tenkte på det på førehand ...

– I og med at han Ole Gunnar Solskjær har spart spelarar, så hadde vel Molde eit lite overtak inn mot kampen. Så eg er ikkje sjokkert over dagens resultat.

Han er derimot klar på at Rosenborg framleis har sjansen.

– Det er tøffe kampar som gjenstår. Rosenborg har betre målforskjell, og ingenting er avgjort, avslutta Nilsen.

– Herleg!

To som var desto blidare enn Rosenborg-fansen var far og son Hessvik.

Son Johannes var klar på korleis måla blei scora.

– På sistemålet gjekk keeper for langt fram, slik at ballen blei pælma lenger inn i mål, og han Hussain scora. Pape Pate Diouf skaut inn i velsekrysset på 1-0, oppsummerte den unge Molde-supportaren.

Far Freddy var høgt oppe etter sigeren.

– Dette var Herleg! Vi skal slå Tromsø neste gang, og Strømsgodset slår nok Rosenborg.

– No blir det seriegull!, gliste far og son Hessvik.

Saka held fram under bildet.

Alette og Emilie Ytterlid

Alette og Emilie Ytterlid var svært så blide etter Molde-sigeren mot Rosenborg.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Vil til Champions League

To andre Molde-supportarar som var blide var Alette og Emilie Ytterlid.

– Det var fullt fortent. Molde var mykje betre enn RBK, smilte jentene.

Dei meinte Molde var best i samtlege 90 minutt.

– No blir det seriegull og Champions League neste år, konkluderte jentene.

Tonje Lillehaug

Tonje Lillehaug meiner 1-1 hadde vore eit rett resultat.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Uavgjort 1-1 hadde vore rett

Ei som meinte Molde-sigeren var heilt ufortent var RBK-supportar Tonje Lillehaug.

– Det var ufortent at Molde vann. Rosenborg hadde i alle fall to sjansar dei burde scora på, og Molde hadde ikkje sjansar før dei scora. Uavgjort 1-1 hadde vore eit rett resultat, meinte ho.

– Blir seriegull vanskeleg for RBK no?

– Ja, i og med at vi møter Strømsgodset neste gang så blir det tøft.

– Men eg håper framleis, avslutta Lillehaug.

Anders Almeskar

Anders Almeskar trur bortekampen mot Tromsø i neste serierunde blir tøff for Molde.

Ikkje sikra

Molde-supportar Anders Almeskar er klar på at det framleis er ein jobb som må gjerast.

– Gullet er ikkje sikra. Tromsø står for tur no.

Dagens 2-0-siger fell uansett i god jord.

– Eg er svært fornøgd med resultatet, og det er sjølvsagt fortent!