– Nisjefestivalane har størst sjanse for å overleve

Jo særare, jo større er sjansen for å overleve. Av dei nye festivalane som veks fram er det dei spesielle som vil få eit langt liv, trur festivalforskar.

Indiefjord-festival på Bjørke

Indiefjord-festivalen har vore arrangert i Sunnmørsbygda Bjørke sidan 2014 og lokkar kvart år internasjonale indiepopartistar til staden. – I år kom eg ut av teljinga då eg nærma meg 250 søknadar frå ulike artistar, seier arrangør Silja Haddal Mork.

Foto: Luke Murphy Wearmouth

Den tettpakka festivalsommaren er i gang for fullt med store og små festivalar over heile landet. Ifølgje Visit Norway blir det på landsbasis arrangert over 900 festivalar kvart år som tilbyr alt frå musikk og kultur til sport og mat.

Sue Mucenieks på Indiefjord-festivalen på Bjørke

Sue Mucenieks besøkte Indiefjord-festivalen for første gong i 2015 og har kome tilbake år etter år. – Eg forelska meg i staden og folka her, seier ho.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Blant høge fjell og vakker natur inst i Hjørundfjorden på Sunnmøre finn ein festivalen Indiefjord. Bygda har til vanleg rundt 80 fastbuande, men under festivalen er det om lag fire gonger så mykje folk der. Festivalen, som starta som ei spontan samling av venner i 2014, har dei siste åra trekt både lokale og utanlandske artistar og gjestar til Bjørke.

Blant gjestane er britiske Sue Mucenieks, som forelska seg i plassen og musikken, då ho deltok for første gong i 2015. Ho meiner at Indiefjord skil seg frå andre festivalar ho har besøkt.

– Det er ikkje eit skilje mellom artistane og publikum. Det følast som om du er med på å skape noko og at du er ein del av festivalen.

Indiefjord-festivalen på Bjørke

I naturskjønne omgivnadar på Bjørke ønsker Indiefjord-festivalen å få folk til å føle seg som heime. Det får gjestar og artistar til å kome tilbake år etter år.

Foto: Ane Mendel

Brukar ikkje pengar på marknadsføring

Indiefjord nyttar heile bygda og naturen som kulissar og baserer seg i hovudsak på dugnadsarbeid frå arrangøren og bygdefolket.

Indiefjord-festivalen på Bjørke

Indiefjord nyttar heile bygda og naturen som kulissar for festivalen.

Foto: @mirihalv på Instagram

– Vi skil oss ut fordi det er litt heimelaga. Festivalen er ekte og folk føler seg inkludert. Eg trur det er noko av grunnen til at det kjem gjestar frå New Zealand og band frå Australia heilt hit, seier arrangør Silja Haddal Mork om kvifor ho trur festivalen har blitt ein suksess.

Trass i at Indiefjord ikkje brukar pengar på marknadsføring, har det heller ikkje vore eit problem å få internasjonale artistar til festivalen.

Silja Haddal Mork, Indiefjord

Arrangør og initiativtakar bak Indiefjord, Silja Haddal Mork, vektlegg at bygda og bygdefolket er viktige for å kunne gjennomføre Indiefjord-festivalen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Artistane og gjestane som kjem hit fortel historier og deler bilde og videoar i sosiale medium, og så er det fleire som ønskjer å kome hit. I år kom eg ut av teljinga då eg nærma meg 250 søknadar frå ulike artistar.

– Nisjefestivalar er meir levedyktige

Reidar Mykletun, ved Høgskulen i Stavanger, har forska på festivalar i ei årrekke. Han trur veksten framover i hovudsak kjem til å skje for små festivalar og nisjefestivalar. Dette er ein naturleg konsekvens av at det sidan starten av 2000-talet har vakse fram fleire store festivalar, fortel han.

Reidar Mykletun

Festivalforskar Reidar Mykletun trur små nisjefestivalar er meir levedyktige.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Dei tradisjonelle musikkfestivalane står framleis sterkt fleire stadar, men dei store festivalane er ofte dyre og kompliserte å arrangere. Dei følgjer gjerne ein fast modell og kan oppfattast som like. Det kan føre til at folk blir metta. Du må ha noko nytt å kome med, for det er kanskje nok festivalar som det er. Og difor vil også nokre døy ut og forsvinne.

Mindre festivalar klarer oftare å skape meir engasjement og eit sterkare band til dei besøkande, meiner Mykletun.

– Nisjefestivalane har ofte eit bestemt publikum som kjem igjen år etter år, og som føler seg meir knytt til festivalen og plassen.

Skalerte ned

Selskapet Momentium på Sunnmøre er ein av Noregs største festival- og konsertarrangørar. Tusenvis deltek årleg på arrangementa deira. Dei siste åra har dei sett behovet for å gjere festivalane sine meir ulike, fortel gründer Ante Giskeødegård.

Ante Giskeødegård

Gründer Ante Giskeødegård i Momentium seier at det er ulike utfordringar knytt til å arrangere både store og små konsertar og festivalar.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

I år valde Momentium også å skalere ned ein av festivalane sine, «Sommerfesten på Giske». Dette for å gjere den meir intim og ha artistar som når ut til eit smalare publikum. Også dei har sett fordelane med å arrangere noko litt annleis.

– Sommerfesten er den av festivalane vore som er mest kjent på landsbasis. Den skil seg ut ettersom den i alle år har vore eit spleiselag. I år kunne ein også betale billetten med plast, seier Giskeødegård. ​​

Vil halde festivalen liten

For Silja Haddal Mork og Indiefjord er det ikkje eit ønske at festivalen skal vakse seg større enn den er i dag.

Indiefjord-festivalen på Bjørke

Fleire hundre frå inn- og utland kjem til Bjørke kvar sommar for å oppleve Indiefjord.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Dei ser at det er ein del av sjarmen og grunnen til at folk kjem tilbake år etter år. No ser festivalarrangøren fram mot neste år.

– Når vi er slitne så er det lett å tenke; aldri igjen. Men så kjem alle dei rørande historiene og vi forstår kor mykje det betyr. Det er meir enn ein festival og denne helga i året kjenner vi oss som ein storfamilie på mange hundre, seier Mork.