Hopp til innhold

Sikta mann erkjenner valdsepisoden i Ørskog

Ordføraren i Ørskog kommune seier valdsepisoden i går er lammande for heile kommunen. No har den sikta erkjent å ha utøvd vald mot begge dei to fornærma.

Ordførar i Ørskog kommune, Knut Helge Harstad

ALVORLEG: Ordførar i Ørskog kommune, Knut Helge Harstad seier dette er ein alvorleg sak for kommunen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det er veldig trist, og nesten ufatteleg at dette skjer i vesle Ørskog, seier ordførar Knut Helge Harstad.

Ein mann i 30-åra er sikta for grov kroppsskade etter ei valdsepisode i ein privat bustad i Ørskog på søndag.

Dei to skadde personane er ei kvinne og ein mann i 70-åra. Kvinna vart sendt til St. Olavs hospital i Trondheim, og situasjonen hennar er framleis kritisk. Mannen vart sendt til Ålesund sjukehus, og har fått ein del brotskadar, seier politiadvokat Arnt Erik Oust.

Erkjenner valden

Sikta har vore i avhøyr hos politiet. Han har erkjent og ha utøvd vald mot begge dei to fornærma, men har ikkje teke stilling til skuld.

– Det er for tidleg å seie noko om motivet til valden sikta har utført, seier Oust.

Tidlegare har politiadvokat Arnt Erik Oust sagt at offera og den sikta er i familie.

Advokat Torgeir Langva stadfestar at klienten har sagt han har vedgått valden, men seier han foreløpig ikkje har tatt stilling til siktinga.

Politiet arbeidar no med å få ei oversikt over kva som har skjedd.

– Påverkar oss i stor grad

Ørskog kommune ligg på Sunnmøre i Møre og Romsdal, og har om lag 2000 innbyggjarar. Slike hendingar er ei stor påkjenning for bygda.

– Alle kjenner alle her, så dette påverkar oss i stor grad, seier ordførar Knut Helge Harstad.

Han seier kommunen no har sett krisestab, og vil følgje opp dei pårørande.

– Vi vil gi dei pårørande den beste omsorg som vi kan gi, seier han.

Ringde inn sjølv

Den sikta mannen skal sjølv ha ringt inn til politiet og meldt om hendinga. Han vart gripen utan dramatikk, gåande langs vegen nokre kilometer frå bustaden.

Politiet vil utover dagen fortsette med den tekniske og taktiske etterforskinga. Dei har også gjennomført fleire avhøyr i saka.

Varetektsfengslinga blir trolig på tysdag, skriv politiet i ei pressemelding.

Valdsepisode på Apalset i Ørskog

ALVORLEG: Politiet fekk melding om hendinga klokka 13.23 søndag føremiddag. Situasjonen til den skadde kvinna er framleis kritisk.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL