Hopp til innhold

– Nesten som «Ungkaren»

Seks hundre ungdommar er samla for å lære, diskutere og snakke om kommunereforma.

Solveig Buvik, prosjektleiar hos fylkesmannen

– Kommunesamanslåing er nesten som «Ungkaren», seier Solveig Buvik, prosjektleiar hos fylkesmannen.

Foto: TORE ELLINGSETER / NRK

– Dette er nesten som i TV-serien «Ungkaren». Kommunane er som The Bachelor. Dei frir og deler ut roser, seier Solveig Buvik. Ho er sjølv ungdom. Men ho arbeider for fylkesmannen, og er ute på oppdrag.

Skule og buss

Seks hundre ungdommar er pressa saman i Hareidshallen. Dei er samla for å høyre om eit tema som av mange blir oppfatta som kjedeleg.

– Eg syns sjølv det er vanskeleg. Men når du får vite at dette også handlar om skule, buss og kulturtilbod, er det lettare å forstå, seier Solveig Buvik.

Vil ha det som før

Samuel Holstad er tretten år, og går på ungdomsskulen på Hareid. Likevel har han svaret klart når NRK spør korleis han vil ha det:

– Eg vil ha det som i dag. Hareid treng ikkje slå seg saman med nokon. Eg meiner det er ein dårleg idé å slå saman kommunane.

Bygdefolket seier nei til storkommunar

Kommunereform ungdom

Prosjektleiar Solveig Buvik hos fylkesmannen (t.v.) vil at ungdommane skal engasjere seg. Samuel Holstad vil ha det som før. Pernille Dimmen (t.h.) vil ha Ulstein og Hareid samla i ein kommune.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

16-åringar kan stemme

Pernille Dimmen går førsteåret på Ulstein vidaregåande. 17-åringen meiner det er lærerikt å få vite meir. Ho er innstilt på å bruke stemma si, for i folkeavstemminga 19. mai kan alle over 16 år stemme.

– Eg går for Ulstein og Hareid saman. Vi har snakka litt i gjengen om dette, og dei fleste er innstilte på det, seier ho.

Kommunereform ungdom

Det er stinn brakke i Hareidshallen når kommunesamanslåinga er tema. Seks hundre er på plass.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Vil påverke foreldra

Det er roleg i salen. Likevel verkar det som om ikkje alle elevane er like interesserte. Men trettenåringen Samuel Holstad har planen klar:

– Eg skal prøve å få mamma og pappa til å stemme imot. Vi i Hareid bør halde fram som før. Ulstein har massevis av lån. Hareid prøver å kvitte seg med gjelda si. Slår vi oss saman er vi tilbake der vi starta, seier den samfunnsbevisste trettenåringen.

Kommunereform

Går til urnene: I dag valde dei nye ungdomsrepresentantar i kommunane. 19. mai kan dei over 16 år stemme i folkeavstemming om kommunereforma i Ulstein og Hareid.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL