Hopp til innhold

– Nesset spelar ei nøkkelrolle

Gjemnes, Nesset, Sunndal og Tingvoll kan bli ein ny storkommune, dersom Nesset gir si tilslutning.

Odd Steinar Bjerkeset

Ordførar i Gjemnes, Odd Steinar Bjerkeset, vurderer fleire alternativ i diskusjonen rundt ny kommunereform.

Foto: Gunnar Sandvik

Gjemnes og Nesset skal ha felles formannskapsmøte i mai for å diskutere alternativet.

– Dersom Nesset seier nei, må vi gå for andre modellar, seier ordførar i Gjemnes, Odd Steinar Bjerkeset.

Han meiner kommunen spelar ei nøkkelrolle i diskusjonen rundt ny kommunestruktur.

– Nesset ligg mellom Gjemnes og Sunndal, og alternativet med ei storkommune er ikkje aktuelt for oss utan dei, seier ordføraren.

Vurderer eit byalternativ

Dersom Nesset seier nei, blir det mest truleg eit byalternativ for Gjemnes.

– Vi har også avtalar mot Kristiansund og Molde som kan bli aktuelle dersom det ikkje blir ei storkommune saman med Nesset, Sunndal og Tingvoll, seier Bjerkeset.

Men ordføraren fortel at det er ein føresetnad at fire landkommunar skal vere inkludert dersom Gjemnes landar på eit byalternativ.

– Enten vi går i lag med Kristiansund eller Molde, så vil vi ha med oss tre andre landskommunar, slik at vi blir fire landkommunar og ein by.

Det felles formannskapsmøtet for Gjemnes og Nesset finn stad i Nesset 7. mai. Bjerkeset fortel at det kan bli aktuelt med eit felles formannskapsmøtet for dei fire kommunane på eit seinare tidspunkt.

– Vi kjem til å jobbe vidare med dette og vere i tett dialog med dei tre kommunane. Men Nesset spelar som sagt ei nøkkelrolle, så dersom dei seier ja så må vi kanskje møtast alle kommunane, seier han.