– Nedlegginga er fagleg forkasteleg

Alt tyder på at styret vedtek å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund og truleg Aure rehabiliteringssenter på dagens styremøte. I formiddag kjem det busslastar med demonstrantar til møtet. Og helsepersonell kan ikkje fatte at styret tør å følgje planen sin.

Marie Osen

Marie Osen på fastlegekontoret på Tustna. Sambandsradioen står parat i fall ho må rykke ut.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Marie Osen er fastlege på Tustna i Aure. Når ho har legevakt dekkjer ho alle dei tre kommunane Aure, Halsa og Smøla. Det vil seie at ho dekkjer eit område frå indre Nordmøre mot grensa til Trøndelag og til og med øykommunen Smøla langt til havs.

Ho er ikkje nådig når ho skal karakterisere det styret i Helse Møre og Romsdal er i ferd med å gjere.

– Å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund no er eit brot på alle føresetnadene for bygging av det nye sjukehuset, seier ho.

Ved innflyttinga i SNR var det også meininga at følgetenesta for fødande skulle vere ferdig utvikla. Ambulansebåten skulle også få ny kai for å korte inn transporten.

Styremøte i Helse Møre og Romsdal, 27. mars: Norsk Maritimt Kompetansesenter AS

Styremøte i Helse Møre og Romsdal kan du følgje frå klokka 10.00.

– Akuttsjukehuset skulle stå klart først

Flyttinga skjer mange år før det nye sjukehuset står klart. Ho meiner det låg i føresetnadene at det nye, moderne akuttsjukehuset, med barneavdeling, skulle stå ferdig før flyttinga skulle skje.

– Det styret no gjer er fagleg forkasteleg og uansvarleg, seier ho.

Ho påpeikar at sjukehuset i Molde ikkje har vakthavande barnelege slik dei har i Kristiansund.

Marie Osen brukar erfaringane frå sist ho hadde legevakt for å illustrere det ho meiner. Vi kjem tilbake til situasjonen på legevakta. Først litt om det styret truleg kjem til å vedta.

Fødeavdeling Kristiansund

Fødeavdelinga i Kristiansund blir etter alt å døme lagt ned frå i haust. Dei fødande i området må då reise til Molde.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Omfattande kutt

Helse Møre og Romsdal skal spare ein halv milliard på tre år. Mesteparten, 200 millionar kroner, skal takast i 2019. Eit av forslaga er å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund. Innstillinga tyder også på at Aure rehabiliteringssenter blir lagt ned. Ein sengepost ved Distriktspsykiatrisk senter på Sjøholt blir truleg lagt ned. Mork rehabiliteringssenter kan blir lagt ned frå 2020. Sengepostar kan bli slått saman, operasjonsstovene skal utnyttast meir effektivt og vask, kiosk og kaféar blir privatiserte.

Aure rehabiliteringssenter

Aure rehabiliteringssenter står på kuttlista. Det gjer også senteret på Mork, men med sluttidspunkt i 2020.

Foto: Terje Reite / NRK

Kraftige protestar

Onsdag morgon reiser busslastar med demonstrantar frå Aure, Smøla og Kristiansund. Dei vil protestere høglydt mot kutta, og har varsla at dei tek på seg gule vestar og har med skramlande grytelokk. Kommunane på Nordmøre har varsla at dei vil seie opp alle samarbeidsavtalane med Helse Møre og Romsdal om føretaket vedtek kuttplanane. Sist søndag var det demonstrasjon i Volda og i Kristiansund var det politisk streik og demonstrasjon tysdag.

Politisk streik Kristiansund

Over 1000 personar deltok i protestaksjonen i Kristiansund tysdag.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Inga beredskaps­jordmor

Det er ikkje lenge sidan Marie Osen bemanna legevakta for Aure, Smøla og Halsa. Brått skulle tre kvinner føde, nesten på same tid, men i kvar sin kommune. Det var ingen beredskapsjordmor på vakt. Føretaket har dekt opp berre 34 % av følge- og beredskapstenesta med jordmor.

– Jordmødrene måtte rykke ut på fritida si. To fødande rakk akkurat inn på fødeavdelinga i Kristiansund og fødde med assistanse av beredskapsjordmora. Den tredje rakk ikkje fram til fødeavdelinga. Då blei det fødsel om bord i ambulansebåten, fortel Osen.

Ambulansebåten «Øyvakt»

Ambulansebåten frakta fødande og andre pasientar frå Aure, Smøla og Halsa til Kristiansund. Når dei fødande skal til Molde skal båten gå til Rensvikholmen slik at transportvegen skal bli kortare.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

– Risiko

Alle dei tre fødande blei sende med knapp margin til Kristiansund. Ved ei nedlegging skal alle fødande kvinner frå dette området få ein ytterlegare lang reiseveg til Molde. Ikkje til Hjelset, men til sjukehuset på Lundavang vest for Molde sentrum, fram til det nye sjukehuset står klart.

– Lang reiseveg fører til auka risiko for både foster og den fødande. Studiar viser at prehospitale fødslar gir høgare risiko, seier Osen.

Kompenserande tiltak

I sakspapira til styremøtet heiter det at det overordna målet for føretaket er å unngå ikkje planlagde fødslar utanfor institusjon. Føretaket har det faglege og økonomiske ansvaret for beredskap og følgjeteneste. Alle som har lenger reiseveg frå kommunesenteret sitt til næraste fødeavdeling har rett på følgeteneste.

I dag har Helse Møre og Romsdal avtale med Surnadal og Rindal, der føretaket kjøper timar frå kommunalt tilsette jordmødrer. Føretaket har også ein felles avtale med Aure, Halsa og Smøla der jordmødrene har eigne arbeidsavtalar med Helse Møre og Romsdal.

– Helseføretaket har ikkje klart å rekruttere nok jordmødrer til tenesta, noko som fører til at tenesta ikkje er kontinuerleg eller likeverdig for gravide og fødande i desse kommunane, heiter det i styredokumenta.

Fødande skal også få tilbod om opphald på hotell i inntil 7 dagar før termin og fram til dei går i fødsel. I tillegg skal kaia til ambulansebåten flyttast til Rensvikholmen for å korte ned reisetida.

– Tiltaka må på plass først

Kommunelegen er svært kritisk til forslaga og meiner at faglege råd er sett til sides og at det ikkje er teke omsyn til risikoen ved ei nedlegging. Ho meiner også at prosessen har gått for fort.

– Dette er ikkje forsvarleg. Vi som er fagpersonar er forplikta til å seie frå. Styret må snu. Dei kompenserande tiltaka må kome på plass først, seier Osen.