Hopp til innhold

– Nedbygging kan bremse forsking på økologisk mat

Tilsette ved Bioforsk Tingvoll fryktar at forskinga får lide etter at styret i bedrifta foreslo å bygge ned avdelinga. Harald Tom Nesvik støttar forskarane, og meiner det er ei dårleg løysing.

Harald Nesvik

Parlamentarisk leiar i Frp, Harald Tom Nesvik frå Ålesund, meiner at det er eit feilgrep av styret i Bioforsk å bygge ned forskingsmiljøet på Tingvoll.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Etter styremøtet i Bioforsk tysdag er det usikkert korleis framtida til Bioforsk på Tingvoll blir. Styret vedtok at dei oppgåvene som blei ført inn i Bioforsk ved samanslåinga i 2006, no skal tilbake til Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK).

Det betyr nedbygging for forskingsmiljøet på Tingvoll. Harald Tom Nesvik, parlamentarisk leiar i Frp, ønskjer å bevare forskingsmiljøet på Tingvoll slik det er i dag.

Tar Bioforsk vidare til Listhaug

Bioforsk Tingvoll

Leiinga ved Bioforsk på Tingvoll fryktar for framtida etter styrevedtak.

Foto: Roar Halten / NRK

Men det er landbruksminister Sylvi Listhaug som har det endelege ordet, og difor har Nesvik bede om eit møte med statsråden. Måndag skal Nesvik legge fram kvifor det er viktig å halde forskingsmiljøet ved like.

– Gjennom ei rekkje år har dei bygd opp eit miljø og kvar eineste dag gjer dei viktig forsking på oppdrag og for landbruket, men også på vegner av kommunane og fylket.

Bioforsk er eit forskingsinstitutt med spisskompetanse på eit høgt internasjonalt nivå innan landbruk, matproduksjon, plantehelse, miljø og ressursforvaltning.

Sjølve anlegget på Tingvoll jobbar med økologisk matproduksjon, og har 37 personar med høgare utdanning i stallen. Nesvik er einig med forskarane om at nedlegging vil bremse forskinga.

– Vi må sørgje for å ikkje bygge ned forskingsmiljøa, men heller bygge dei opp. Difor er innstillinga frå styret i Bioforsk ei dårleg løysing for bedrifta, meiner Nesvik.

– Bremser forsking på økologisk mat

Avdelingsleiar ved Bioforsk, Kristin Sørheim, er uroa for forskinga på økologisk landbruk etter styrevedtaket.

– Det kan bety både dårlegare økologisk forsking, og færre arbeidsplassar på Tingvoll, meiner Sørheim.

– Viss ein del av den aktiviteten som i dag er ved Bioforsk blir flytta må det meir finansiering til, eller så mister vi arbeidsplassar, oppdrag og kunnskapsproduksjon her på Tingvoll.

Bioforsk opp til Stortinget

Jenny Klinge på løvebakken

Jenny Klinge (Sp) vil ha Stortinget på banen.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) seier det er umogleg å forstå kva det inneber at aktiviteten ved Bioforsk blir ført tilbake til NORSØK.

– Eg forstår ikkje kva for konsekvensar dette vil ha for økoforskinga. Det som er viktig er at vi veit kva som blir framtida for Bioforsk. Eg meiner det må vere opp til Stortinget å finne ut korleis ein skal gjere dette.