Hopp til innhold

– Nedbør som regn viktig for Mannen

Det meste av nedbøren som har kome ved fjellet Mannen sidan i går har vore snø. Brigt Samdal, regionsjef i NVE, seier at det kan vere avgjerande for den vidare utviklinga ved Mannen at nedbøren kjem som regn og ikkje snø. – Dersom det kjem som snø får vi ikkje den umiddelbare effekten ved at regnet trekk ned i sprekksystemet. Då samlar det seg snø på toppen og det blir vanskeleg og føresjå kva type smelting ein får frå snøen, seier Samdal.

Brigt Samdal
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK