NRK Meny
Normal

– Naudrakettar er for folk i naud

Både politiet og brannvesenet vil ha slutt på bruken av naudrakettar som fyrverkeri. Nyttårsaftan blei det skutt opp naudrakettar fleire stadar i fylket.

Nødraketter

Illustrasjonsfoto: Nyttårsaftan blei det skutt opp naudrakettar fleire stadar i Møre og Romsdal.

Foto: Tor Andre Johannessen

Tor Andre Gram Franck ved Sunnmøre politidistrikt meiner at det ikkje er bra at naudrakettane vert brukt til andre ting enn det dei er meint.

– Naudrakettar er meint for dei som er i naud, og er ikkje eit vanleg fyrverkeri som ein skal forlyste seg med på nyttårsaftan, seier han.

Kan få alvorlege konsekvensar

Åge Henriksen, brannmeister ved 110-sentralen i Møre og Romsdal, er samd med politiet.

– Eg trur ikkje folk flest er klar over det, men ein naudrakett sluttar aldri å brenne. Det er bort imot umogleg å sløkke den, seier han.

Brannmeisteren fortel at naudrakettar kan føre til alvorlege brannar.

– Dersom den treffer vegetasjon, eit hus eller ein bil, då vil det automatisk byrje å brenne intenst i løpet av svært kort tid, seier Henriksen.

Bruken av naudbluss som fyrverkeri er ein lite ønska situasjon, meiner han.

– Det ligg i namnet. Naudrakettar skal brukast av dei som er i naud, og til havs. Når dei blir brukt på land og i vind er sjansane store for å treffe både hus og terreng, noko som i verste tilfelle fører til brann.