Gunn Berit Gjerde (Foto: NRK)
Gjerde meiner budsjettet er ein klamp om foten for næringslivet og fryktar at optimismen vert svekka.
Gjerde er spesielt redd for at regjeringa reduserer avskrivingssatsane på maskiner med 25 prosent. Det hindrar fornying, meiner ho.
Gjerde trekkjer også fram reduksjonen på fem prosent i lønnsfrådraget for enkeltmannsføretak og endringar i formueskatten som vil slå dårleg ut for delingsmodellen.
– Eg fryktar at dette representerer eit trykk nedover på den satsinga som næringslivet vårt i Møre og Romsdal har stått for i det siste, seier Gjerde.