Hopp til innhold

– Det er mykje tabu rundt det

Årets TV-aksjon går mellom anna til forsking på demens, og Gunn Berit Gjerde som er leiar i fylkeskomiteen i Møre og Romsdal har fått tett kjennskap til sjukdommen.

Borgny Osnes og Ole Kristian Osnes

Borgny og Ole Kristian har alltid vore avhengige av kvarandre, og for Ole Kristian er det trist å ha mista samtalepartnaren sin grunna demens.

Foto: Gunn Berit Gjerde / Privat

Nasjonalforeininga for folkehelse er mottakar av pengane frå årets TV-aksjon, "Ingen tid å miste". Bidraga skal blant anna gå til å løyse eit medisinsk mysterium, demens. Gunn Berit Gjerde er leiar i fylkeskomiteen og har personleg erfaring med demens.

– Mor mi har demens, og har hatt det nokre år. Det blir jo ikkje betre, den sjukdommen, så eg ser jo på ein måte utviklinga, seier ho.

Gjerde seier det å ha nokon i familien med demens og miste personen bit for bit er sårt.

– Det er på ein måte ei sorg å miste den mora som ein kjenner.

Heldig fordi mora er tillitsfull

Mora til Gunn Berit Gjerde, Borgny Osnes, er tillitsfull og har ikkje endra personlegdom slik som mange med demens kan gjere. Det er noko Gunn Berit set pris på.

– Det er mykje meir behageleg for meg å komme på besøk enn det som det er for mange andre der dei kjem på besøk til nokon som er heilt annleis enn det dei har vore før, seier ho.

Likevel seier Gjerde at alt er annleis no.

Skjøna ikkje pengar

Gunn Berit Gjerde og faren hennar, Ole Kristian Osnes, byrja å skjøne at mor og ektefelle hadde demens litt etter litt.

– Det byrja med at ho ikkje takla pengane når ho skulle handle, ho visste ikkje kor mykje ho skulle ha med seg og hadde ikkje omgrep om kor mykje det skulle koste, seier Gunn Berit.

Då byrja Ole Kristian som er omsorgsperson å sende ein tusenlapp med Borgny, for at ho skulle sleppe å bli flau når ho handla. Då kunne ho berre få att pengar utan å tenkje noko meir på det.

– Krev arbeid og omtanke

Gunn Berit og faren hennar prøver å organisere det slik at Borgny skal få bu heime lengst mogeleg.

–Det krev mykje arbeid og omtanke, og det eg må passe best på er at far ikkje skal bli så utsliten at han bukkar under, seier ho.

Ole Kristian er veldig glad i Borgny, og dei to har alltid vore avhengige av kvarandre. Det gjer at Ole Kristian tilpassar seg situasjonen dei er i.

– Han som før ikkje måtte ta ansvar for verken kleda sine eller nokon andre sine klede, eller mat, han har tatt seg veldig inn i det, og gjer veldig mykje, seier Gunn Berit.

Der Ole Kristian før vart irritert fordi Borgny sa noko om att fleire gonger, så skjønar han no at det ikkje er hjelp i å verte irritert.

– Eg tykkjer han taklar det veldig fint, men han vert trøytt og trist når han føler han må presse ho til noko ho ikkje vil, seier Gunn Berit.

Mange endringar

Gunn Berit seier det at mora har demens har endra mykje for familien, men legg vekt på at det aller verste for Ole Kristian er at han har mista samtalepartnaren sin.

– Det går ikkje å føre ein samtale for dei lenger, fordi ho hugsar ikkje kva som vart sagt for eitt til to minutt sidan, seier ho.

I tillegg har Borgny som før alltid passa på utsjånaden sin ikkje kontroll lenger. Gunn Berit har fleire gonger lagt fram klede til mora dei gongene dei skulle gjere noko spesielt, men mora dukkar likevel opp i svarte klede.

– Eg har lurt mykje på kvifor, og eg har funne ut at det må vere fordi ho føler ho må vera stelt og må passe inn, og at ei svart drakt alltid passar inn, seier ho.

– Når far hentar ho, så veit ikkje ho om ho skal i gravferd, skal til lege, eller om ho skal på fest, og eg trur det er med ei svart drakt ho fiksar den biffen, legg Gunn Berit til.

Måtte vere open

Det at Borgny har demens er noko Gunn Berit og Ole Kristian er opne om, men det er ikkje alltid tilfelle. Ho trur at ein ofte prøver å skjule demens i det lengste, og at dei òg gjorde det lenge.

– Det har ikkje vore vanleg å vere open om det, og det er mykje tabu rundt det, seier Gunn Berit.

Faren byrja først å vera open om sjukdommen når han fann ut at det var viktig for Borgny. Det som laga størst problem for Borgny var at ho gjekk i misjonsforeining, og at ho ikkje fann pengane som ho ville gi.

Ho hadde pengane med seg, la dei inn i salmeboka der ho trudde ho skulle finne dei, men fann ikkje pengane når ho trong dei. Det gjorde at Borgny grein når ho kom heim, fordi ho følte at andre meinte ho var gniten.

– Det gjorde at far fann ut at dette måtte snakkast om slik at alle visste kvifor, for mor er verdas mest snille og gåvmilde menneske, seier Gunn Berit.

Lite forsking

Gunn Berit meiner det er viktig å vere open slik at folk rundt dei med demens veit om det, og at dei då kan behandle dei med den respekten dei fortener.

– Det er jo ikkje noko dei kan for, det er ikkje med vilje at dei gløymer og kanskje seier noko som kanskje ikkje har rot i verkelegheita, seier ho.

Det er lite forsking på demens, ein veit lite om sjukdommen, og det trur Gunn Berit Gjerde har med manglande openheit å gjere, og at det er lettare å forske på noko når det er fysisk, og ikkje psykisk. TV-aksjonen håpar Gjerde kan gjere at ein kjem eit skritt vidare.

– Det vil gi pengar til forsking, og til dei som kan ta på seg hjelpeoppgåver slik at folk kan få ein betre kvalitet på livet sitt, seier ho.

Ho håpar at mange vil bidra til TV-aksjonen, både som givarar og som bøsseberarar. TV-aksjonen går av stabelen den 20. oktober 2013.

– Viss me tenkjer at det er 70.000 som er demente i dag, så vil det om 20 år vere 140.000, så betyr det at dei aller fleste vil kome borti nokon som har demens, seier ho.

– Det vedkjem oss alle veldig sterkt, og det er veldig trist for dei det rammar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL