Onsdag kolliderte ein tankbil med 16.500 liter drivstoff i den undersjøiske Skatestraumtunnelen i Bremanger i Sogn og Fjordane. Brannsjef i Kristiansund, Kjell Inge Mathisen, fortel at tunnelbrann er svært krevjande for brannvesenet.
– Det er mykje meir krevjande enn ein vanleg bilbrann. Du har lang innsatsveg for å komme deg inn og berre to evakueringsmoglegheiter. I undersjøiske tunnelar er det også åtte til ti prosent stigning i begge ender av tunnelen, noko som gir større sjanse for trafikkuhell.
Verste Scenariet
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap publiserte i vinter ei risikoanalyse om tunnelbrannar. Der kom det fram at undersjøiske tunnelar er svært overrepresentert i ulukkesstatistikken, på grunn av mykje stigning. Mathisen fortel at det som skjedde i Bremanger i går er det verste scenariet ein kan oppleve i ein tunnel, og at slike hendingar er veldig utfordrande for redningsetatane.
– Først og fremst må ein vere nøgd med at det ikkje gjekk liv tapt i går, for ei slik hending er det verste som kan skje i ein tunnel. Ein tankbil som det oppstår brann i er skrekken for både brannfolk og andre.
Umiddelbar varsling
I etterkant av gårsdagens ulukke i Bremanger har føraren av tankbilen fått mykje skryt for korleis han oppførte seg etter kollisjonen. Mathisen forklarer kva ein bør gjere dersom noko skjer når ein køyrer i ein tunnel.
– No er det ganske uvanleg at det oppstår bilbrann i tunnel, men at uhell skjer er meir vanleg. Når uhellet er ute er det viktig å varsle umiddelbart, slik at tunnelen kan stengast. Det er også ein fordel å gå til det næraste naudskapet med telefon og bruke den, for då får vegtrafikksentralen vite nøyaktig kvar du er.
Les også: Dette skal du gjøre ved tunnelbrann
Like sikkert
I Møre og Romsdal er det heile 7 undersjøiske tunnelar. To på Nordmøre, ein i Romsdal og fire på Sunnmøre. Mathisen synest ikkje folk skal vere redde for å bruke tunnelane og fortel at det ikkje er farlegare å køyre i tunnel enn det er elles i trafikken.
– Eg synest ikkje folk skal vere engstelege for å køyre i tunnelane våre. Det er alltid litt fare for at noko kan skje i trafikken, men det er ikkje større sjanse for at noko skal skje i tunnelane. Statens vegvesen er flinke til å vedlikehalde dei.