Hopp til innhold

– Mykje meir enn berre forskarar

Tingvoll mistar meir enn eit forskingsmiljø dersom aktiviteten forsvinn frå Bioforsk økologisk, det meiner ordføraren i kommunen.

Frykter de kan miste mer enn kompetansearbeidsplasser. Bioforsk-ansatte viktig for Tingvollsamfunnet.

Sjå tv-saka: Ordføraren i Tingvoll fryktar at kommunen mistar meir enn arbeidsplassar dersom Bioforsk på Tingvoll blir avvikla.

Etter styremøtet i Bioforsk tysdag er det usikkert korleis framtida til Bioforsk på Tingvoll blir. Styret vedtok at dei oppgåvene som blei ført inn i Bioforsk ved samanslåinga i 2006, no skal tilbake til Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK).

Ordførar i Tingvoll kommune Peder H. Aasprang (Sp) fryktar at ein kan miste meir enn kompetansearbeidsplassar dersom vedtaket til styret i Bioforsk blir ståande.

– Dei tilsette i Bioforsk er eit viktig bidrag i eit lite lokalsamfunn. At folk er med og engasjerer seg betyr mykje, seier han.

Fryktar for lokalsamfunnet

På Tingvoll brukar forskar Lise Grøva arbeidsdagen til å leite etter flotten sine hemmelegheiter. På kveldstid involverer ho seg i ulike fritidsaktivitetar i lokalsamfunnet.

Peder H. Aasprang (Sp)

Ordførar i Tingvoll Peder H. Aasprang (Sp) fryktar for konsekvensane dersom Bioforsk forsvinn.

Foto: eirik haukenes / nrk

– Eg er blant anna med i 4H og i styret til skihytta. Mannen min er fotballtrenar, fortel ho.

Og det er nettopp dette som uroar kommuneleiinga no når forskingsmiljøet på Bioforsk Tingvoll føler seg trua.

Bioforsk er eit forskingsinstitutt med spisskompetanse på eit høgt internasjonalt nivå innan landbruk, matproduksjon, plantehelse, miljø og ressursforvaltning.

Sjølve anlegget på Tingvoll jobbar med økologisk matproduksjon, og har 37 personar med høgare utdanning i stallen. Og medan bedrifta er ei hjørnesteinsbedrift, er dei tilsette ressursmenneske langt utanfor forskingsjobbane, meiner ordføraren.

– Det er klart at i eit lite lokalsamfunn som Tingvoll merkar det dersom desse forsvinn, seier Aasprang.

Avviser avvikling

Gårsdagens styrevedtaket har blitt tolka av mange som ei nedlegging av forskingssenteret, blei i dag følgt opp med fleire presiseringar. Styret har i dag avvist at det går i mot ei avvikling av senteret.

I ei pressemelding skriv Bioforsk at styret har den oppfatninga at økologisk landbruk vil vere eit satsingsområde i framtida, og at Tingvoll-miljøet vil vere ein viktig del av denne satsinga.

– Dette betyr ei justering av kven som har ansvaret for kva knytt til den framtidige verksemda på Tingvoll, og burde kunne løysast gjennom gode samtaler.

– Det er ut frå dette ikkje noko grunnlag for dei sterke påstandane som er fremja i medieoppslag i de siste dagen, seier styreleder i Bioforsk Stig Fossum.

Interimsstyret skal etter planen behandle saka på sitt møte 23. mars, og sender den vidare til Landbruks- og matdepartementet som skal ta den endelege avgjerda. Leiinga ved Bioforsk på Tingvoll håpar no at interimsstyret vil gjere om vedtaket til Bioforsk.